Terningkast 5: The Low Frequency In Stereo

Artikkelen er over 10 år gammel

«Futuro» Rune Grammofon

DEL

Sjølv om tittelen skulle antyde noko framtidsretta, er dette langt frå det. Vi snakkar heller om god, gammaldags space- og syrerock frå 70-talet. Dette bringer tankane til Hawkwind og den tyske krautrocken som hadde si stordomstid i nettopp det tiåret.

Haugsund-bandet som starta opp som eit reint instrumentalorkester har gått meir og meir i retning av standardlåtar med vokal. Gruppas fjerde plate sidan debuten i 2002 endrar ikkje noko på dette, sjølv om det er dei lange instrumentalpartia som står i høgsetet.

Her er ikkje det ein kan kalle konvensjonelle låtar i fleng, plata må høyrast i ein samanheng. Dette er ikkje nødvendigvis så lett tilgjengeleg, men plata kryp innpå deg ved fleire lyttingar.

Til tider hypnotiserande og særs bra!

Artikkeltags