Terningkast 5: THE LOW ANTHEM

Artikkelen er over 8 år gammel

"Smart Flesh”

DEL

Plate nummer fire frå dette fantastiske bandet leverer minst det ein har lov å håpe på. Og der dei på førre plata, "Oh My God, Charlie Darwin", prøvde hardt å havarere, er dei denne gongen stort sett neddempa og lågmælte. Med nokre unntak. Og leverer ei fantastisk vakker plate.

”Ghost Woman Blues”, ein låt frå 1929, opnar heilt nydeleg og set med det tonen for plata. Med ein nydeleg, rufsete lyd i pianoet som leiar tankane hen til tidleg Tom Waits. Eit lite tillegg med trommer gir ”Apothecary Love” eit ørlite tyngre preg. Ein vals med eit fint mellomspel leia av munnspel og steelgitar. Med pumpeorgelet i sentrum. Og overjordisk fin vokal og eit lydbilete som får meg til å tenkje på Levon Helm og The Band. ”Boeing 737” er lyden av The Low Anthem som tar av litt. Tyngre i lyden og med ein tekst som plasserer eg-personen midt i hendingane 11. september. ”I was in the air when the towers came down. In a bar on the 84th floor.” Og gjør etter kvart sitt for å oppretthalde konspirasjonsteoriane. ”I was in the air when they rigged the towers”. Ein låt som flyg høgt og viser at amerikanarane har fått ein arvtakar etter Vietnamkrigen som inspirasjonskjelde til stor kunst. Platas beste låt. Dei roar det heile ned att med ”Love And Altar”. Vokal berre akkompagnert av ein nylonstrengsgitar. Men ein vokal som er så vakker at instrumenteringa er meir enn stor nok. ”Matter of Time” er låten dei let det elektrifiserte pumpeorgelet vere det drivande elementet. Korrigering: Svevande er meir riktig. Med eit nydeleg munnspel flytande over. På instrumentalen ”Wire” lar dei klarinettane ta over. Tre i talet og ikkje noko anna. Eit fin mellomspel, om enn noko uventa. ”Burn” er lyden av The Low Anthem med Leonard Cohen som vokalist. Både vokalt og lydmessig. Men ikkje så hermande at det blir klamt. Dette er også låten der dei lar saga verkeleg utfalde seg. I tillegg til det fine banjokompet. Dei tek seg ein liten tur ut igjen på ”Hey, All You Hippies!”. I den forstand at dei er tyngre og meir instrumentert. Det er ikkje så mykje elektriske gitarar på resten av plata. Men dei kompenserer litt for det her utan å overdrive. Ein vals er ein vals uansett kor mykje du bråkar. Og igjen anar eg konturane av Levon Helm og The Band. ”I’ll Take Out Your Ashes” minner meg om for ein schizofren plate "Oh My God, Charlie Darwin" var. No finn ein ikkje dei same ytterpunkta her. Men her roar dei det heile kraftig ned. Igjen. Med både banjo og tenor banjo. (- akkurat som du veit forskjellen! – Red.) Og ein transistorradio surrande i det fjerne. Hypnotisk. Noko som også kan seiast om ”Golden Cattle”. Endå ein gong tek dei i bruk det vindskeive, lågmælte pianoet. Med nylonstrengsgitar og klarinett som tonefølgje. ”Smart Flesh” avsluttar plata på same måte. Lågmælt. Men med eit større utval av instrument. Mellom anna pumpeorgel og ein kraftig forvrengt munnharpe. Og nokre lydar som høyrest ut som tilfeldig berøring av handclap-tasten på ei trommemaskin. Stadig like hypnotiserande som dei to føregåande låtane.

The Low Anthem leverer endå ein gong varene. Av dei vare, sarte sortane. Rett og slett sanselaust vakkert til tider.

Artikkeltags