Terningkast 5: THE LAST HURRAH!!

Artikkelen er over 8 år gammel

”Spiritual Non-Believers”

DEL

Hans Petter Gundersen har vore bidragsytar til norsk musikk i snart 40 år. Både som produsent og utøvar. No blir det for mykje å gå i gjennom det han har produsert. Men den mest kjende er debutplata til Sondre Lerche. ”Faces Down” frå 2002. Samt at han har produsert så forskjellige artistar som Jan Eggum og TNT. Som utøvar kjennar vi han igjen frå mellom anna Hot Project (Saman med Lynni Treekrem), Stain Monsters, Animal Farm, Little Sister, Tweeterfriendly Music, og dei seinare åra som soloartist med to plater. Og no endeleg, The Last Hurrah! Som på ein måte høyrast ganske så forskjellig ut frå det han har gjort tidlegare. Men eigentleg ikkje.

Han kallar musikken for akustisk dronemusikk. Men det er ikkje så skummelt som det kan høyrast ut. Han har utvikla speleteknikken etter å ha snubla over Stephen Stills (Crosby, Stills And Nash) sin ”hemmelege” måte å stemme gitaren. No anar ikkje eg kva det går ut på. Eg veit uansett berre ein måte å stemme ein gitar på. Men det høyrast til tider utruleg bra ut. Men tru no ikkje at HP har kasta alt han tidlegare har gjort på båten. Denne plata er ei oppsummering heile HP sin karriere. I tillegg til den akustiske drone-gitaren. Sjølv om det virkar avskrekkande med ein låt på over 30 minutt, så er det ikkje det. ”The Ballad of Billy and lilly” består av ein rekke låtar. Pop, country, westcoast og psykedelia. Levert sånn at ein aldri mister interessa. Einaste konstant i dette prosjektet utanom Gundersen, er Heide Goodbye sin fine vokal. Elles er det ein rad musikarar som hjelp til på denne fine plata. Som så langt i år er den finaste overraskinga eg har høyrt.

Artikkeltags