Terningkast 5: THE DISTRICT ATTORNEYS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Jr.”

DEL

Athens-bandet sjekkar om dei held låtskrivar-evnene sine i orden med eit lite kvileskjær. Og denne fire-spors EP-en etterlet ikkje nokon tvil om det.

"Fall Low" fortset der ”Slowburner” frå tidlegare i år slapp. Melodiøs americanainspirert post-punk. Med melodilinjer frå både gitar og keyoards. Meir tydeleg 60-70-tals amerikanske på "King is Boss”. Litt rolegare med fine koringar. "Target Practice" er litt tyngre, mykje klang. Med ein suveren melodi og E-bow-gitarar (tilsynelatande) som omsluttar låten. Dei avsluttar denne alt for korte utgjevinga med "Stupa". Nok ein suveren melodi. Trommedominert og igjen med nydeleg koring. Og endå ein låt som sementerer det uttrykket som etter kvart er lett å kjenne igjen.

The District Attorneys har på særs kort tid jobba seg inn i bevisstheita mi. Og eg gler meg til fortsettinga.

Last ned plata gratis her: Jr.

Artikkeltags