Terningkast 6: THE DISTRICT ATTORNEYS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Slowburner”

DEL

Såg ein kommentar som kalla dette bandet som lyden av The Gaslight Anthem om dei hadde vore frå Athens, Georgia. I staden for New Jersey. Slettes ikkje heilt på jordet. Og faktum er det, at for meg er dette bandet like bra som kollegaene lengre nord.

Atlantabandet har tidlegare hatt 2 EP’ar ute. Så dette er sjølvsagt deira debut i albumformat. Og for ein debut det er blitt.

Dei opnar med melodiøs americanainspirert postpunk på tittelsporet med nydeleg koring. Og suveren melodiføring.”Madison Row” er spretten over gjennomsnittet med hint til The Jam. Framleis med dei amerikanske røtene intakt. Litt rolegare tek dei det (naturleg nok) på balleden ”Confusion Of Trust”. Igjen med nydeleg koring og ein melodi frå topphylla. ”Worry About Your Health” opnar tungt og illevarslande. Mørkt. Platas tyngste og mest storslåtte låt. Med meir sting i gitarane og eit tungt orgel i botnen. Heile låten flaumar over deg. Og forlet deg som ein utvaska klut. Men dei roar det heile ned på ”Cherry Glow”. Nok ein nydeleg ballade. Med kjensle og sjel. Orgelet er på plass att i opninga på ”California Fire”. Ein halvtempo låt med nok eit fint refreng. Og mykje fine gitarar. Som om U2 skulle ha gjort noko av kvalitet igjen.(Akkurat det er ein diskusjon som eg ikkje gidd å ta, men eg må innrømme at eg likte dei tre første platene til U2. Om eg gjør det no veit eg ikkje. Det er 30 år sidan. "Ah, but I was so much older then/I'm younger than that now" B.D.) ”Here’s Your Star” byr på meir orgel i opninga. Og med ein melodi som minnar meg om Beach Boys. Det liknar ikkje musikalsk. Men den nesten overjordisk nydelige melodien gjer dette til platas beste låt. Effektive saksofonsoloar midtvegs og mot slutten. Spel igjen, spel høgt.

Litt meir tempo blir det i ”I Can’t Make The Distance, You Have To Meet Me Me Halfway”. Nok ein nydeleg låt med eit fantastisk refreng. Som av alle ting minnar meg om 80-talsfavorittane Beat Rodeo. ”The End” er ikkje slutten. Den viser veg til endå meir staseleg musikk. Og får meg til å lure på korleis eg klarte å plukke ut ein låt som platas beste.

Det er ikkje dårlege låtar her. Dette er kanskje manifestasjonen av Gaslight Anthem-kommentaren lengre oppe. Rett og slett heilt fantastisk. Det same kan seies om ”Far Past The Point Of Resolve”. Nydelege gitarar, nydeleg vokal. Nydeleg melodi.”Boomtown” bråkar litt meir. Nærast rock’n’roll med ein saksofon som underlag. Og bandet taklar stilskiftet like bra. Sjølv om eg ikkje reagerer. Det er ikkje noko endring. Alt er like suverent og samansveisa uansett kva denne gjengen finn på. Og trur du ikkje dei avsluttar det heile med å gje oss tre og eit halvt minutt med kassegitar, munnspel og harmonisong? Kva ”Marmalade” handlar om veit eg ikkje. Men den vestkystaktige avslutninga er som resten av plata velplassert. Ser at eg no har spelt plata over 20 gongar siste tida. Trur ikkje det blir med det, nei.

Heilt utruleg!

Artikkeltags