Nok eit av dei store banda frå 80-talet har vakna til live igjen. New York-bandet The Del Lords. Sjølv om dei i mi bevisstheit aldri har vore borte. Platene dei gav ut i perioden 1986-1990, "Frontier Days", "Johnny Comes Marching Home", "Based on a True Story" og "Lovers Who Wander" står framleis som nokre pålar. Og dei er alle gitt ut på nytt med oppfriska lyd.
I dei 23 åra som har gått har verken vokalist/gitarist Scott Kempner eller gitarist Eric Ambel vore heilt vekke frå media. Kempner, med ei fortid i urpunkarane The Dictators, har gitt ut nokre soloalbum og vore medlem av The Brandos. Ambel har tre soloalbum under beltet i tillegg til å ha produsert ei rad plater.
Men opptakta til denne plata skjedde i 2010. Då blei dei gjenforeina til konsertspelingar og oppstart av innspelingane til denne plata. Vi fekk det same året høyre eit arbeidsdokument med seks av låtane her, under namnet "Under Construction".
Og eg skjønte allereie då at det var verdt å sjå fram mot.
Dei spelar framleis si tidlause blanding av 60-tals garasjerock, country, blues og folk. Urban Americana.
Dei byrjar på ein måte eg kan kjenne meg igjen med "When the Drugs Kick In". No har eg ikkje prøvd narkotika, vel, OK då. Men eg inhalerte ikkje så hardt den gongen eg prøvde. Og kvardagen elles er fylt av andre lovlege drugs. Så den narkotikakoblinga har eg ikkje noko forhold til. Det som uansett er mitt hovudnarkotika er musikk. Og i ein sånn kontekst kan eg kjenne meg igjen. Men uansett treff denne låten noko i meg. Spesielt når Ambel slår an dei tjukke strengane 14 sekund inn i melodien. Denne låten har alt som var klassisk ved The Del Lords for 25 år sidan, og framleis er det. No nonsense beint fram rock.
"Princess" har eit snev av garasjerock over seg, Passeleg rask, passeleg tung og ein glimrande melodi.
Dei tek ein avstikkar over i rockabilly-folk på "Chicks, Man!". Med bluesy slide-gitar. Og visar dermed kor stort registeret deira er.
"Flying" finn Ambel bak mikrofonen. Det næraste dei kjem hjartelandsrock. Det er nesten som om dei går Mellencamp på midten av 80-talet i næringa. Og munnspelet i starten og undervegs er berre utsøkt.
Litt rolegare på "All of My Life". Det næraste dei kjem ein ballade, med eit nydeleg hammondorgel. Som er spelt av Rob Arthur som ein gong i tida spelte med Peter Frampton.
"Everyday" aukar kjendisfaktoren kraftig. Den halvtempo låten med eit snev av doo-wop, er skriven av Kempner i samarbeid med legenda Dion DiMucci frå Dion & The Belmonts. Og viser at meloditeften framleis er god. Elles gjer ein annan 80-tals-helt gjesteopptreden på bass her. Den blir traktert av Steve Almaas frå The Beat Rodeo.
Ambel tek mikrofonen igjen på "Me and the Lord Blues". Ikkje så mykje blues, meir seig garasjerock.
"Letter (Unmailed)" er lettare og lysare, endå ein låt på grensa til ballade. Også denne med hammondorgel av Arthur, men litt meir sparsamt og smakfullt.
Dei gir oss meir rockabilly på "Damaged", litt meir disiplinert enn på "Chicks, Man!". Med eit effektivt piano.
"You Can Make a Mistake One Time" er platas mest bluesorienterte låt. Med råskapen til garasjerocken i botn.
Dei gjev seg hjartelandsrocken i vald igjen på "Silverlake". Ein låt med eit sterkt refreng, og ringlande gitarar.
"Southern Pacific" som avsluttar plata er sjølvsagt Neil Young-låten. Ikkje så veldig forskjelleg frå originalen, eigentleg. Men med Ambel bak mikrofonen og produksjonsspakane er bandet blitt litt meir moderne og tyngre enn på ”Re-ac-tor”-versjonen til Young.
Dette er eit særs sterkt comeback, dei har ikkje rota vekk nokre av kvalitetane sine på vegen frå 80-talet frem til no. Elles kan eg og nemne dei har eit tredje originalmedlem med seg. Frankie Funaro er framleis bandets stødige motor bak trommene.
Kjøp: Special Edition: CDbaby