Terningkast 5: THE DAHLMANNS

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

"All Dahled Up"

DEL

Om ikkje Noreg har oppdaga norsk powerpop, er det veldig godt at Mark Hershberger og hans Pop Detective Records har gjort det. Dette er mannens fjerde norske signering. Og den tredje frå Moss.

The Dahlmanns sine hovudmedlem er Line og André Dahlmann. Sistnemnde er også medlem i The Yum Yums. Eit band som kan brukast som ein referanse til The Dahlmanns. Dei høyrest sagt på ein enkel måte ut som ei blanding av soloartisten Vibeke Saugestad og The Yum Yums. Også The Ramones med Kirsty MaColl på vokal er ei grei samanlikning.

Men la det være sagt. Utan gode låtar ville alle gode referansar vore verdilause. Det er sjølvsagt ikkje noko problem her. Dei har jobba fram eit dusin knallsterke låtar. Av ein sånn kvalitet at eg sjølv ikkje etter 14 dagars jamleg lytting har klart å gå lei. Plata er rett og slett blitt ein god venn. Som aldri skuffar når du tek ho fram og spelar ho,

Låtane er alle skrivne av Line og André. Med unntak av "Teenage City" der dei har fått hjelp av Chris Frehley.

I tillegg til det vedvarande gitarøset har dei brukt orgel på mange låtar på plata. Pål Andreassen (Dollsquad, The Cosmic Dropouts, Kwyet Kings) sitt orgel sørgjer for god variasjon og god dynamikk på plata.

Artikkeltags