Terningkast 4: THE CHEATERS

Artikkelen er over 4 år gammel

”Rites of Spring”

DEL

Den Oslo-baserte trioen kjem med si andre plate, etter eit opphald sidan 2007. Ei plate eg elles ikkje har høyrt. Utan at det betyr så mykje. Ifølgje seg sjølve spelar dei moderne punkrock. I den grad genuin punkrock kan være moderne.

Men det betyr ikkje så mykje. Eigentleg. Eg tykkjer dei ligg meir mot postpunk, som til dømes The Ruts om ein absolutt må sette dette i bås. Det er uansett ganske så streit rock ein snakkar om. Med stort sett gode låtar. Men ikkje like interessant heile vegen.

Men dei beste låtane står bra fram, som til dømes "20 000 Miles An Hour Girl", "Just Before Sunrise" og platas beste låt, "Shove It". Dei andre når ikkje same nivå, men er framleis godkjende.

Slett ikkje verst, men det får meg ikkje til å gå av skaftet. Så får eg heller tilgje dei at dei har rappa namnet til eit av favorittbanda mine frå 80-talet. Som tydelegvis har vakna opp att: https://www.facebook.com/TheCheatersUK

Artikkeltags