Terningkast 5: THE BLACK SOUL CIRCUS

Artikkelen er over 8 år gammel

”The Black Soul Circus”

DEL

Her har vi eit band som spelar Gubberock. Følgje seg sjølv, vel og merke. Hadde eg sagt det same hadde eg stempla meg sjølv som ein gubbe. For eg likar denne plata.

Eit band som er inspirert av 70-talsrock og artistar som Big Star, Rolling Stones, The Jayhawks, The Band og Neil Young. Og Mott The Hoople høyrast det ut som. Som leverar låtar av god kvalitet.

”These Roads” plasserar jo bandet rundt ”Exile On Main Street” med sin lett karakteristiske gitarintro. Og ”Mutiny” gjør det endå meir. Utan at nokre av dei eigentleg liknar på Stones. Då ligg ”Destroyed By Fire” tettare. ”Lost” plasserar seg i landskapet rundt Big Star og Teenage Fanclub. Ein ballade verdig Ian Hunter og Mott The Hoople materialiserar seg i ”Cosmic Mercy”. Som også ligg i krinsen til The Jayhawks og The Band. ”Sunshine Sorrow” held seg i nabolaget til dei to sistnemnde. Nok ein ballade med nydeleg duettvokal av Rebecka Markstein. Bluesen blir introdusert på ”Ain’t No Good”. Men ikkje meir blues enn at vokalen som er tonefølgd av to gitarar leverer ein sterk låt. ”Asphalt Wine” er ein drykk eg nok skal holde meg unna. Men låten er sterk. Som ein blanding av The Jayhawks og Neil Young på sitt mest melodiøse. Sistnemnde sånn cirka byrjinga av 70-talet ligg tjukt utanpå ”Outshine”. ”The Devil Knows” avsluttar plata og legg nok ein dimensjon til uttrykket til bandet. Her oppheld dei seg til tider inni hovudet til Pink Floyd rundt ”Dark Side Of The Moon” og ”Wish You Were Here”. Med ein ballade som taklar dette særs bra.

Bandet hovudperson og låtskrivar Vigleik Winje har levert eit knippe sterke låtar. Og bandet og særleg gitarist Remi Christiansen sørgjar for eit heilt glimrande tonefølgje.

Artikkeltags