The Beautybag er i realiteten singer-songwriter Richard Nygård. Utdanna biletkunstnar ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han skulle studere biletkunst i Antwerpen, men vendte i staden heim med kofferten full av musikk.
Sikkert ikkje heilt bra for han. Men for oss som likar americana og amerikansk rootsmusikk var det veldig bra. Nygård har eit over gjennomsnittet godt grep på det engelske språket. Og leverer prosa på engelsk vi ikkje akkurat er bortskjemd med frå norske låtskrivarar. Og han har snikra saman eit knippe glimrande melodiar til å følgje dei.
Plata opnar og sluttar med same låten, opninga heiter naturleg nok "I've Let Everybody Down (Part One)". Ein fin halvtempo slentrande låt. Med fin vokal, mykje orgel og fine gitarar. Med twang og utan. Og ei sag svevande over som eit skrømt. "Heavy Luggage" er kanskje endå meir mot country. Men også sval 60-talspop. Han går Simon and Garfunkel og Cat Stevens i næringa på "A Public Park". Utan å på nokon måte kopiere nokre av dei. Bandet aukar også tempoet på dei to sistnemnde. "You Got Love" held dette for så vidt oppe. Men er meir slentrande i takten. Og ligg kanskje nærare indiepop. (Kva no det måtte være). Dei er meir reindyrka country på "She Was Gone". Men kryssar likevel tidvis over på 60-talspopen. Men den fine sologitaren set skapet på plass med fine countrylicks undervegs. "A Day in The Sun" roar det heile ned. Og prøvar heile tida å snike seg over i visepopen. Men blir heile tida dradd attende til countryen av den twangy girtaren. Plystring opnar "Italian Girl", og er eit tilbakevendande innslag. Men dobro og twang-gitar held det heile langt unna Roger Whitaker. Og trygt i country. "Ain't the One You Had in Mind" er meir 60-talspop. Med litt høgare tempo. Tempoet forsvinn på "Goodbye Gipsy Pearls". Men held seg i 60-talspopen med countryinfluensar. Takka vere ein allestadsverande steel-gitar. "The Streets of Gent" har mykje det same. Men eit høgare, slentrande tempo. Dei tek countryvegen med ein banjo i hovudrolla heilt ut på "The Wild Choir". Som eit lysare Sixteen Horsepower, Eller Jim White. Samspelet mellom banjo og orgel er heilt glimrande. "I've Let Everybody Down (Part Two)" avsluttar som nemnd innleiingsvis plata. I ein noko rolegare versjon. Som berre viser at ein god låt kan gjerast på fleire måtar. Her ligg han faktisk opp mot Leonard Cohen. I eit litt lysare stemmeleie. Men uansett, denne plata var ei stor positiv overrasking.
Og ei særs god ei.