Terningkast 6: THE BAPTIST GENERALS

Artikkelen er over 5 år gammel

"Jackleg Devotional to the Heart"

DEL

Nok eit band ut i frå det blå. Og det på tross av at dei har helde på sidan 1998. Men i løpet av den tida har dei berre gitt ut to EP’er og ei skikkeleg plate. "No Silver/No Gold" frå 2003. Så dei har ikkje akkurat drukna oss med utgjevingar. Det vil seie, dei er ikkje heilt dekkande. The Baptist Generals er i realiteten vokalist og låtskrivar Chris Flemmons. Med ein rad musikarar på laget.

Noko som bringar oss til årets utgjeving. Og for ei plate! Ei blanding av countryfolk, blues, Captain Beefheart, Bee Gees, Counting Crows og kammermusikk, og Sons of Mumford på syre. Akkurat, nei. Men heilt sant.

Opninga "Machine En Prolepsis" er ganske så brutal. Med akustiske gitarar som høyrest meir ut som ein grønsakrasp mot trommehinna. Og kjennest nesten sånn ut og. Instrumental og aggressiv. "Dog That Bit You" er noko heilt anna. Og overgangen frå låt ein til to var grunnen til at denne plata trefte meg så hardt. Den halvtempo, litt Crazy Horse-inspirerte låten med eit vell av instrument blåsar på det såret som første låten laga. Det er nesten som ein blir euforisk. Mindre instrumentering på "Clitorpus Christi". Ein litt rolegare låt med ein fin groove. Til tider litt psykedelisk. "Turnunders and Overpasses" er tilsvarande tilbakehaldande på instrumenteringa. Litt rolegare, men like intens. Nesten hypnotisk. På "Oblivion" aukar Flemmons stemmevolumet og resten av bandet trykker litt hardare inn i mellom. Men det læt framleis heilt fantastisk. "3 Bromides" bryt litt av den harmoniske stemninga dei førre låtane sette meg. Einakkords blues, messande og gnagande. Captain Beefheart light. Og ein låt som plagar og utfordrar deg. Men berre slapp av, den harmoniske kjensla er attende på "Broken Glass". Den byrjar roleg nok med noko som høyrast ut som xylofon. Med matchande strykarar. Resten av låten er ein berg og dalbane. Med rolege vare parti og ditto større trykk. Særs dynamisk og variert. Før dei parkerar låten til slutt. "Snow on the FM" sirklar litt rundt på parkeringsplassen. Stort sett akustisk. Dei trår vatnet innleiingsvis på "Floating". Og plukkar etter kvart opp at den akustiske tråden frå den førre låten. Ei flott opplading til "My O My". Etter kammermusikkintroen får vi platas flottaste ballade. Som etter kvart blir bygd opp til platas flottaste augeblikk. Med eit vell av instrumenter. "Morning of My Life" er ein Bee Gees-låt. Og høyrest ikkje ut som det. Den rolege akustiske låten passar ardare.harhaheilt glimrande inn her. Men no snakkar vi 60-tals Bee Gees, ikkje discokøyret frå 70-åra. Dei avsluttar med ein u-sving med namn "Oblivion Overture". Flemmons med eit kammerorkester i ryggen. Totalt annleis. Og utruleg flott. Ei nydeleg og var avslutting på ei fantastisk plate.

Og veit de kva? Det treng ikkje gå 10 år til neste plate!

Artikkeltags