Terningkast 5: TEXUM

Artikkelen er over 13 år gammel

«Different Strokes For Different Folks»

DEL

Gjer deg klar for årets beste plate så langt i 2007.

Cowboy & Indianer-favorittane Texum kjem frå Oppdal og dette er bandets andre utgjeving, den første, ein 5-spors EP, kom i 2004.

Og nettopp det at dei kjem frå Oppdal er litt interessant. Sambygdingane The Rooph kom akkurat med ei plate og Bönkers som kom med ei av årets beste plater i 1999, "Opp", jobbar mot eit comeback. Det kan med andre ord bli eit særs godt år for Oppdal musikalsk.

Men det skal mykje til for at Texum ikkje tar kaka i så måte.

På debuten frå 2004 låg dei nærare countryen enn dei gjer her, ikkje det at det har forsvunne totalt, dei har berre utvikla soundet og gjort det meir variert. Det er meir bruk av Hammond-orgel og introen på "The Inspector" er eit skuleeksempel på korleis dette skal nyttast. Om ikkje den gjev deg gåsehud er du ikkje hammonifil av legning, og det er jo synd for deg.

Elles læt det som ei soulutgåve av the Band og countryrockarne Amazing Rhythm Aces, med innslag av altcountry som Ryan Adams og Son Volt.

I presseskrivet gjer dei eit nummer av at dei har fått hjelp frå folk som har jobba med Elvis Costello og Tom Waits. Men eg trur faktisk dei hadde klart å ordne dette på eiga hand, dei står sjølve for innspeling og låtskriving. Og begge deler ligg på eit nivå langt over det ein kallar godkjend.

Av dei mest kjende lokale hjelparane finn vi Marthe Valle som også hjelpte The Rooph og Odin Sande frå før nemnde Bönkers.

Høgdepunkt: "Guitars & Hearts" og "The Inspector".

Det kan med andre ord bli eit særs godt år for Oppdal musikalsk. Men det skal mykje til for at Texum ikkje tar kaka i så måte.

Artikkeltags