Terningkast 5: TEEN GETAWAY

Artikkelen er over 5 år gammel

”Hits and Missives”

DEL

Nok eit for meg ukjend band frå dei amerikanske sørstatane. Også denne gongen frå Birmingham, Alabama. Dette er ikkje deira første plate, men eg har litt problem med å finne kva dei har gitt ut tidlegare. Utan at det betyr noko. Denne gongen har dei uansett This Is American Music i ryggen. Og nok ein gong overraskar TIAM og gir oss noko annleis.

Det er ikkje mykje av det eg vil kalle standard Americana i Teen Getaway. Dei spelar heller noko, eg, for å gjere det enkelt, vil kalle New Wave. Attende til slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet. Eller som bandet sjølv kallar det, “Bubblegum Skronk”.

Bandets hovudpersonar er Jim Fahy og Janet Simpson. Dei deler på vokalarbeidet og spelar gitarar. Førstnemnde har eg aldri høyrt om, men sistnemnde er vel i realiteten det fantastiske folkrockbandet Delicate Cutters. Eit band, om du ikkje har høyrt dei, du seriøst bør vurdere å sjekke ut.

Men no er det Teen Getaway som gjeld. Og som sagt dette er noko heilt anna musikalsk. Dei nemner sjølv artistar Pere Ubu, Television, XTC, Throwing Muses, The Wedding Present og R.E.M., som referansepunkt. Legg til Reivers og Swimmingpool Q’s., så er mykje gjort.

"Cold Weather'd Walls" bringar fort Television-referansen til torgs. Sjølv om dei legg litt meir støy i botnen enn Verlaine og kompani gjorde. Med ”Explode!” sneiar dei innom kantete 90-tals indierock. "Bent Towards Limbo" byr på det same. Halvtungt, seigt og melodiøst. Med fin vokalveksling mellom Fahy og Simpson. Dei høyrast ut som tyngre utgåve av Reivers på "Pessoa". Med mine glidande gitarar a la Television. "On Ze Floor" gir meg flashback til tidleg 80-tal og det franske bandet Telephone. Og det er sjølvsagt fordi teksten er på fransk. Dei bringar opp meir tankar til Television på "Evidence". Blanda opp med litt Throwing Muses. "Raoul" er nærast punk. Men ei veldig melodiøs utgåve av sorten. Tilsett atonale gitarar. Streit rock liknande før nemnde Reivers spring rundt deg og forbi deg på "Runnin' Around". "Spring Fever" høyrast ut som ei blanding av The Go Go’s og 90-tals indierock. Nydeleg melodiøs 80’s indierock a la Swimmingpool Q’s får vi på "Spitting Image". Og forresten, Swimmingpool Q’s sin ”Blue Tomorrow” kjem i disse dagar ut på nytt. Etter sigande for første gong på CD. Vel, vel, eg har hatt den på CD sidan 90-talet ein gong. Men heilt alvorleg, dette er ei fantastisk plate. "The Five W's" er meir kantete melodiøs indierock. Med ein tittel som "God Save The Spleen" kan få assosiasjonar til Sex Pistols. Og på det musikalske er ikkje det ei ueffen samanlikning. Og fraseringa til Fahy kan til tider minne om Johnny Rotten (litt). "Turn It Around", avsluttar plata og er ein duett mellom Fahy og Simpson. Både på vokal og gitar. Det verkar som om dei prøvar å gni gitarane sine inn i andletet på kvarandre etter kvart.

Men som du skjønar, nok ei flott plate frå This Is American Music. Og nok ein utanfor deira vande sti. Men det rettar dei snart opp med plater frå Bonnie Whitmore og Hurray For The Riff Raff. Oh well, always more to come?.

Kjøp her:

Artikkeltags