Terningkast 5: T. HARDY MORRIS

Artikkelen er over 5 år gammel

”Audition Tapes”

DEL

Mannen med ei fortid i Dead Confederate og Diamond Rugs har funnet tida moden for ei soloplate. Han har fått hjelp frå den Nashville-baserte produksjonsduoen Cosmic Thug (Adam Landry og Justin Collins) til å lage plata. Dei har tidlegare jobba med mellom anna Deer Tick, Diamond Rugs og Middle Brother. Og saman har dei spilt inn plata på nattetid. Inspirert av Elliot Smtih, Alex Chilton og Vic Chesnutt. Sistnemnde til liks med Hardy frå Georgia.

Legg til lyden av Neil Young så er vi der. Det er blitt til tider ei nydeleg plate med mykje pedal steelgitar. Stemningsfull Lo- Fi. Med undertonar av countrymusikk.

Mannen bak pedal steelgitaren, Matt "Pistol" Stoessel, tek grep allereie på opningslåten ”Lucky”. Ein halvseig, passeleg rå sak. Med den tunge litt keitete lyden som får meg til å tenke på tidleg 70-tals Neil Young. "Disaster Proof" aukar tempoet og overstyringa på gitarane. Her ligg han nærare indierock. Og lar pedal steelgitaren ta ein pause. På "OK Corral" roar dei heilt ned att. Ein fin slentrande låt med mykje fint gitarspel og orgel. Litt småsyra og atmosfærisk. Fine koringar. Og om eg tør seie det, ein fjern countryslektning til ”The Dark Side Of The Moon”. 12-menning. "Audition Tapes" er mørkare og meir inneslutta. Men like flott. Med litt forvrengt pedal-steel. Litt meir open er "Hardstuff". Men litt meir stillfaren. Stort sett berre akustisk gitar og pedal steel. Singer/songwriter. "Quit Diggin'" er heilt roleg med eit godt el-piano i botn. Med flaumande, drøymande elgitarar og pedal steel. Igjen litt syra. Dei tar ein liten sving på "Share the Needle". Herr er det nærast garasjerock. Men eigentleg ikkje. Mykje pedal steel. "History's Hoax" har også det. Men her får heller assosiasjonar til opne strender enn ei mørk garasje. Platas Hawaii-augeblink. Svalt og harmonisk. Atter ein gong stort sett berre akustisk gitar og pedal steel. Med ei lita ublåsing mot slutten. Det er framleis svalt og harmonisk på "Beauty Rest". Men på ein måte litt tyngre. Meir instrumentert. Men likevel ganske så sedat. ”Own Worst Enemy” fortset i same sporet og avsluttar plata. Her har Morris stort sett berre følgje av den akustiske gitaren sin. Men Stoessel sluttar seg til han med sin pedal steel på det siste minuttet. Og saman vandrar dei saman inn i solnedgongen. Ei nydeleg og var avslutting på plata.

Dette var nok ei fin overrasking. Og eg har allereie tatt grep for å skaffe meg utgjevingane til Dead Confederate.

Artikkeltags