Terningkast 5: SYNKOKE

Artikkelen er over 7 år gammel

“The Ideologist”

DEL

Bandet med et rare namnet er ute med si andre plate. Og eg føler meg rimeleg mishandla etter å ha vore gjennom dei fem låtane her. No ser medlemmene alle ut til å komme frå fine og møblerte hjem. Men dette høyrest mest ut som ein møblert heim som blir treft av ein Scud-rakett. Som det salige bandet Morphine på speed.

Og dette er sjølvsagt fordi det er saksofonen som har hovudrolla i dette. Musikalsk oppheld vi oss i jazzen, frijazzen. Meg eg føler at dette er mykje meir strukturert enn som så. Dei lar det ikkje gå over stokk og stien heile tida. På platas lengste spor, "Prisoner", roar dei nesten heilt ned. Og lar låten male deg i fillebitar i staden for å slå hovudet ditt frenetisk i veggen.

Eg må jo berre innrømme at dette er imponerende utført. Eg trur nok at ein bør være i god fysisk form for å drive på med dette her.

Ikkje akkurat det eg høyrer på til vanleg. Men av og til er det godt å få blåst skallen heilt tom. Og det klarar SynKoke utan problem.

Artikkeltags