Terningkast 6: SUPERCHUNK

Artikkelen er over 5 år gammel

”I Hate Music”

DEL

Med ein sånn tittel fangar ein raskt interessa. Mi i alle fall. Om eg då ikkje hadde kjent til bandet frå før. Og gleda meg til denne plata. Tittelen har uansett ikkje noko musikk å gjere i seg sjølv. Det handlar meir om komme til ein stad i livet der du hatar alt. Og ingenting hjelper.

Bandet har helde på sidan 1989. Og dette er bandets tiande plate. Ikkje så mange eigentleg på 24 år. Men det kan best forklarast med at då den fantastiske ”Majesty Shredding” kom i 2010, var det ni år sidan førre plate. Så dei har ikkje akkurat overfløymt oss med plater dei siste åra. No gjer ikkje det så mykje for min del. Eg kom seint til festen. Og har hatt gleda av å grave meg bakover i bandets rikhaldige diskografi. Og har enno til gode å finne noko eg ikkje likar. Og det gjeld sjølvsagt årets utgjeving og. Musikalsk høyrest dei som vanleg ut som ei blanding av The Ramones, Redd Kross og The Replacements. Med nokre usannsynleg fengjande melodiar.

"Overflows" opnar ganske så forsiktig med ein akustisk gitar. Før dei girar opp. Slepp laus dei elektriske gitarane. Og ser seg ikkje attende. Dei kastar til naud eit sløvt blikk i ein av sidespeglane.. Tittelen på plata dukkar opp i "Me & You & Jackie Mittoo".

“I hate music,

What is it worth?

Can't bring anyone back to this Earth!

I fill in the spaces between all of the notes,

But I got nothing else, so I guess

You can go.”

To minuttar rein nyting. Ein powerpoplåt som på den korte tida tek i bruk alle triksa som trengs. "Void" blir litt mørkare og større. Enno litt tyngre. Men ikkje mindre fengjande og smittsam. Dei tek ein brå sving på "Staying Home". Tidleg 80-tals hardcorepunk. Unnagjort på eitt minutt og 15 sekund. Men framleis med meloditeften i behald. "Low F" får farten ned att. No ligg dei berre litt over fartsgrensa. Og cruisar heilt nydeleg frametter. Det fortset i same fila "Trees of Barcelona". Med nok ein nydeleg melodi. "Breaking Down" roar ned og trekk pusten litt med ein intro som i 12 sekund kan minne om Television sin ”Marquee Moon”. Men det tek ikkje lang tid før nok ein jublande nydeleg popsong dukkar opp. Og turen vidare fortset i same flotte tempoet. "Out of the Sun" roar i denne samanhengen det heile litt ned. Og er på deira måte litt tilbakelent. Med forsiktig bruk av keyboards. Tekstleg eit tema lite relevant for oss her i sommar. Dei er attende i riktig fart med "Your Theme". Meir jublande nydeleg pop. "FOH" var første smakebit frå plata. Og den høgoktane poplåten har ikkje tapt seg ein tøddel. Den berre minnar meg på kvifor eg gleda meg sånn til denne plata. Ei plate som innfrir alle forventingar og avsluttar litt med flapsen på i "What Can We Do". Platas lengste låt. Men i løpet av dei i overkant seks minutta låten varer, ønskjer eg berre at låten aldri skal slutte. At Superchunk aldri sluttar å gi ut plater.

Denne plata er for meg den openberringa i 2013, som Redd Kross sin "Researching The Blues" var i 2012.

Garantert ei av årets beste plater.

Superchunk - I Hate Music (Album Trailer)

Artikkeltags