Terningkast 5: SUGAR LOUISE

Artikkelen er over 4 år gammel

”Friends In Love Places”

DEL

Bandet frå Trondheim fortset i same retninga som på debuten frå 2011, ”Everything’s Better With Sugar”. Berre denne gongen litt mindre sukra. Dei er meir engelske i stilen denne gongen. Tidvis ein blanding av The Clash og The Ramones (Sjekk ut "Johnny & Mary" for sistnemde). Det er meir pønk og garasjerock som gjeld denne gongen. Men dei har nok av powerpop-perler. Som til dømes "On The Radio",”HBO” og "You Call It Love". Sistnemnde elles med ein slags trompetsolo. Eg nemnde mossingane The Yum Yums i omtalen av den førre plata. Dei er ein grei referanse også her. I tillegg har dei lurt med seg Vibeke Saugestad frå nemnde band på Farfisa-orgel på "Kickflip Rock N Roll".

Og om du trur at dei er blitt betre på tekstar denne gongen, tar du feil. Dei er framleis like herleg stupide. Med byrjinga på "Eastside Crew" som fint eksempel. ”He’s just a lonely masturbator, he calls you up at half past four”. Og då seier eg takk for meg.

Ei verkeleg flott plate, igjen, frå Sugar Louise.

Artikkeltags