Terningkast 5: SUDAN DUDAN

Artikkelen er over 5 år gammel

”inntil i dag”

DEL

Berre ein klarar å komme seg forbi det litt snåle namnet så stig det fram ein juvel. Duoen består av Marit Karlberg (vokal og langeleik) og Anders Erik Røine (vokal, gitar og munnharpe). Og har fått hjelp frå Odd Nordstoga til produsere plata. Og akkurat sistnemnde er eit kvalitetsteikn. Nordstoga leikar ikkje butikk. Han hjelp også til med å spele på nokre av låtane.

Duoen frå Valdres har basert musikken sin på slåttemusikk. Og låtane er ei fin blanding av sjølvskrive materiale og tradisjonelle låtar. Låtane er i utgangspunktet triste, det handlar mykje om tapt kjærleik. Sorg. Men likevel til tider ufatteleg vakkert. Den ibuande jævelskapen blir helde nede av det vakre uttykket. Spesielt Karlberg si nydeleg stemme.

Det har blitt drege samanlikningar til den amerikanske musikken frå Appalachia. Musikk frå det ein del av landet som ligg høgare enn normalen. Det er difor lett å dra parallellar til Valdres. Dei har også blitt samanlikna med Gillian Welch og David Rawlings. Heller ikkje det ei dårleg samanlikning.

Men Sudan Dudan lever godt på eiga hand. Dei fordommar eg måtte ha mot dette, var berre i hovudet mitt til eg fekk høyre plata.

Den er som du skjønar, fantastisk flott.

Artikkeltags