Terningkast 5: STEINAR KARLSEN

Artikkelen er over 6 år gammel

”Hanens Død”

DEL

”Ulydium” ga tydelegvis meirsmak, før vi veit ordet av kjem oppfølgjaren. Smidd over same lest som forgjengaren. Det vil seie instrumentalar med gitaren i sentrum. Denne gongen heilt utan vokalinnslag.

Og som førre gongen er det særs autoritært og suverent utført.

Opninga ”Pikkstol” kunne vore kjenningsmelodien til litt dyster detektivserie frå 70-talet. Og den set stemninga som ligg over heile plata, frå det kjenslevare til det bombastiske. ”Trojansk” ligg meir på den tunge og bombastiske sida heile vegen. Med eit tempo inspirert av hesteveddelaup og fint orgelspel heile vegen. Og som tidvis lar meg sitte igjen med same kjensla eg får etter å ha høyrt Love Sculpture og Dave Edmunds dra igjennom ”Sabre Dance”. Ikkje at den liknar, men med same dynamikken. "Hanens Død" har meir sigøynartrykk i seg. Med eit litt søkande preg over seg. Og bombastiske parti undervegs. Eit litt rolegare. Meir slentrande uttrykk ligg over "Cigar". Ein roleg låt som skapt for eit røykfullt lokale. "Piggtrå" er nettopp det, piggtrådmusikk. Eller garasjerock som vi fornuftige og saklege kallar det. Hakket kvassare enn garasjerocken han leverer saman med Arle Hjelmeland og Good Time Charlie. Robert Normann og jazzen ligg over "Kaktus". Den burde kanskje vore litt meir prærie, og etter den litt jazza byrjinga blir den det. Og Karlsen plukkar opp ein banjo mot slutten. Og kanskje var dette ei slags hylling til Normann. ”Sjeik” er litt meir orientalsk i lyden. Men også 60-tals garasjerock. Av den råe sorten. Platas rolegaste og mest stemningsfulle låt openbarar seg med ”Snø”. Ein låt som skapt for store arktiske snølandskap. Soundtracket til den rolege cowboyversjonen av ”Orions Belte”. ”Kvikk Lynsj” riv deg fort laus frå alle avslappa vinterstemningar. Og inn i ein meir hektisk austeuropeisk kvardag, russisk. Med garasjerocken i botnen. Avsluttinga "Spansk Veps" er ein slags mutert, slentrande flamencolåt med sting. Som leiar oss elegant og smakfullt mot slutten.

Plata er spelt inn i Duper Studio saman med Yngve Sætre. Og heime. Plata er som førre gongen spilt inn saman med trommeslagar Kåre Opheim frå Real Ones og bassist Morten Skage.

Saman har dei laga ein oppfølgjar som er minst like god som debuten.

Artikkeltags