Terningkast 5: STEINAR KARLSEN

Artikkelen er over 8 år gammel

”Ulydium”

DEL

Det har etter kvart blitt ein del plateutgjevingar der Steinar har vore involvert. Dei to mest kjende er “Its Alright” og “Mojo Energy med Good Time Charlie. På den sjuande tar han endeleg steget ut og debuterer under eige namn.

Og då er det kanskje naturleg at gitaristen debuterer med ei instrumentalplate. Og ein utvida palett musikalsk.

”Superhelt” opnar med brusande orgel og Karlsen sin distinkte gitar. Med USA-innspelte blåsarar undervegs. Totalt sett med eit lite hint til Booker T. & The Mg’s. Ein TV-serie av det meir mystiske slaget kunne brukt ”Twangstrøye” som kjenningsmelodi. Med eit tydeleg gitartema og heftig orgel. Sistnemnde spelt av Karlsen sjølv. Eit bevis på at det ikkje berre er gitaren eikefjordingen meistrar. ”Spanskesjuka” tek det musikalske uttrykket endå litt lengre med sitt elektriske flamencoinspirerte lydbilete. Som likevel ikkje dreg så veldig langt i veg musikalsk i høve til resten av plata. ”Ulydium” er litt meir noir-klingande og kubansk. Litt mørkt. Ikkje ulikt noko Link Wray kunne ha funne på å spele inn. Gitarstilen ligg og opptil sistnemnde. Litt blues får vi endeleg på ”Sterkare Kaffi”. Men med eit islett av andre kulturar. Til dømes tango. ”Russisk Omelett” er platas raskaste låt. Litt europeisk i lyden med eit trekkspel kledeleg plassert. Og nok ein gong toppa med blåsarar. Til liks med ”Twangstrøye” kunne nok ”Taco Kjell” vore brukt som kjenningsmelodi på ein film eller TV-serie. Til liks med førstnemnde høyrest den ut som byrjinga på noko. Også platas einaste låt med noko som helst form for vokal. Som eigentleg ikkje gjer så mykje av seg. ”Spelegalskap” skil seg ut med sin elektriske småjazza hot-clublyd. Steinar viser at han beherskar dette og utan at han treng å overdrive. Like smakfullt som resten. Litt småskummelt er det i byrjinga på ”Dodraugen”. Men det lysnar opp etter kvart og vi skjønar at den ikkje er noko å vere redd for. Ein fin og leiken låt der orgelet nok ein gong har ein sentral plass. ”Regn” avsluttar det heile og er platas lengste spor. Samstundes den rolegaste og mest kjenslevare. Med ein fin trombone spelt av florøværingen Tor-Erik Hellesen. Men og ein låt der Karlsen dreg skikkeleg til mot slutten. Og nok ein gong går Link Wray i næringa.

Alt i alt ei veldig fin plate. Som i staden for å vere eit nytt kapittel i karrieren til Karlsen heller blir opplevd som eit sterk supplement. Til det han held på med no.

Plata er stort sett spelt inn på Vaksdal. Medan nokre ekstra detaljar er gjort i Atlanta, Amsterdam, Bremanger og Langedalen. Slagverk står Kåre Opheim frå Real Ones for og Morten Skage står for bass. Og produksjon saman med Karlsen.

Rett og slett storveges!

Artikkeltags