Terningkast 5: STEIN TORLEIF BJELLA

Artikkelen er over 5 år gammel

”Heim For Å Døy”

DEL

Etter salssuksess, Spellemannpris, Prøysenprisen, Bendiksenprisen og Kulturprisen for Ål kommune for den førre plata, ”Vonde Visu”, møter vi denne gongen ein artist med noko å leve opp til. Mykje meir enn etter debuten "Heidersmenn", frå 2009. Men når Kjartan Kristiansen no produserar Bjella for tredje gong er det ikkje akkurat ein artist som sukrar pillen vi møter. Det er mørkare enn nokon gong. Men tittelen ”Heim For Å Døy” fekk deg vel til å skjøne det.

Denne gongen har dei gjort heile innspelinga i studio. Den førre lata blei spelt inn på hotell i Trondheim og Oslo. Utan at det gjør nokon forskjell.

Det byrjar mørkt nok med "Undergang". Halvvegs elektrisk, skranglete. Sugande tung kontrabass og minimalt med trommer. "Melodisk sus" er mykje det same, og eg merkar no at eg får assosiasjonar til lyden amerikanaren Joe Henry har blitt eksponent for. Haltande og skranglete, men likevel solid. Det er eit meir opent og meir luftig lydbilete på "Ubrukt liv". Meir romklang. Men det ligg ein skummel banjo og lurar i sivet heile vegen. "Helsing Judas" er ein duett med Maria Due. Og hennar stemme hjelp til å variere uttrykket på den saktegåande låten. Det er tyngre og meir groovy på "Idiotisk Einvegslove". Og her minnar det verkeleg om DumDum Boys i deira meir skranglete velmaktsdagar (les ”Transit”). Ein flott melodi, og. "Separate sinn" er rolegare og lysare. Sistnemnde grunna strykarane til Mari Persen. Med banjoen er aldri langt unna. "Halde maska" har også ein bergensar til stades. Her krydrar HP Gundersen lyden med sin pedal steel. Og banjoen er godt til stades i den slentrande låten. Dei har skrella vekk det meste på "Rottu i hjarta". Berre Bjella med sin akustiske gitar. Flott det, og. "Mayhem heime" er platas beste låt. Mørkt dystert. Tyngre. Når livet ikkje går der ein vil.

”Eg vart burte i speilet på badet

eg kalla sjelen dødehavet

du ville heller bu åleine

va forsynt tå mayhem heime.”

Ikkje akkurat oppmuntrande. Det er heller ikkje "Yndlingsengel". Historia om ein tydeleg religiøs far som ikkje skjønar kvifor Gud tok frå han sonen i ei bilulukke. Med ein naken banjo som akkompagnement. "Taus manns tale" er sjølvsagt ein instrumentallåt. Sakte, lågmælt, litt europeisk. Litt film noir. Det totalt motsette av avsluttingslåten "Modningsangst". Som er så lys og triveleg at den nesten er nynnevennleg. Ei hyllingssong til fire forskjellege gitarar, framført i lett gyngande countryvals. Og det er kanskje like greitt at plata avsluttas på ein lett og positiv måte.

Tekstane har eg ikkje fått studert så veldig nært enno, men dei ligg tilsynelatande på Bjella sitt høge nivå. Kan ikkje skjøne at han skulle byrje å fire på krava no. Så ”Heim for å døy” skuffar ikkje. Den er ikkje like sterk som ”Vonde Visu”, den er meir eit flott tillegg til den. Men det er absolutt ingen grunn til å hoppe over denne om du likte dei to første platene til Bjella.

Artikkeltags