Terningkast 6: STEIN TORLEIF BJELLA

Artikkelen er over 8 år gammel

”Vonde visu”

DEL

Om ”Heidersmenn” var ei openberring, innfrir oppfølgjaren så det held. Stein Torleif Bjella har denne gongen sjekka inn på hotell for å spele inn plate nummer to. I Trondheim og Oslo. Med pålegg i studio i Bergen og Oslo. Og som førre gongen har Kjartan Kristiansen frå DumDum Boys produsert. Med ei rad sterke musikarar med strengevirtuos Geir Sundstøl i spissen.

Og til liks med ”Heidersmenn” er det akustisk folk som gjeld. Ikkje ulikt det Odd Nordstoga burde ha gjort på si førre plate. For det ligg ein heilt anna kvalitet over det Bjella gjer her enn det den godaste Odd fann på sist. Ikkje det at eg nødvendigvis skal samanlikne. Men den enkle og nakne måten Bjella leverer låtane på er glimrande. Rett og slett i ein klasse for seg sjølv.

No hadde ikkje alt dette spelt noko rolle om ikkje låtane hadde hatt riktig kvalitet. Men heller ikkje her har han problem med å levere.

”Innegubbe” handlar om fyren som ikkje vil bli ein av dei som held seg inne bak gardinene. Åleine. Frykta for å falle utanfor. Ein låt som set tonen for resten av plata. Eit akustisk lydbilete med slidegitar og munnspel. Om teksten er litt vond, så er ikkje lyden av den likeins. Rett og slett nydeleg. Noko ”Søt Harmoni” og kan kallast. I utgangspunktet same lydbiletet. Men med Mari Persen sitt strykearrangement og strykarar får det heile ein større dimensjon. Og fyren som blir skildra her verkar ikkje å vere i verken harmoni eller vater. Skummelt. ”Tvangsgutan Kompani” har ein sånn melodi som forlet deg utslått attende. Countryblues med godt samspel mellom vers og refreng. Refrenget løfter ein tilsynelatande grå låt høgt opp. Noko som skjer fleire gongar på denne plata. Livet sett frå ein europalle blir beskriven i ”På Pallen”. Der hovudpersonen ikkje er heilt nøgd med vala han har tatt. Ei litt trist song om å ikkje rekke opp til forventningane til andre. Vakkert levert midt i den underliggjande håpløysa. Tristesse levert så vakkert at det likevel får deg til å kjenne deg bra. ”Romantikken Gjer Meg Sjuk” var første smakebit frå plata. Og fekk ikkje meg til å glede meg mindre til denne plata. Og alt som denne låten med stort strykearrangement lova er blitt innfridd så det held. Hovudpersonens noko ambivalente forhold til kjærleik er nydeleg fortalt og framførd. Litt høgre tempo er det i ”Satan Unge År”. Karen som angrar på ting han gjorde i ungdomstida. Men som likevel har kome godt gjennom det. Med Bjella si fortid som omreisande seljar av dører, kan denne verke sjølvbiografisk. Ikkje platas sterkaste melodi. Men teksten dreg det heile godt i land. ”Tre Viku” har igjen Mari Persen sine strykarar med i kompet. Og eg får assosiasjonar til Burt Bacharach grunna det nydelege arrangementet. Men så lenge Bjella syng som han gjer, blir det ikkje søtt. Berre kontrastfylt på ein fin måte. Om tre veker bak lås og slå som verkar lengre enn ein skulle tru. Og med uante konsekvensar. Ein som ikkje hevdar seg i sport, treff vi i ”Utan Ball”. Outsideren. Han som fell utanfor det meste. Ein som vi alle kjenner igjen. Men som vi ikkje gjorde nok for å hjelpe. Trist, men framleis vakkert. Vond visu. ”Solguten” verkar i utgangspunktet lysare med sitt ønskje om å reise. Med nok ein nydeleg melodi i countryland. Hyggelegare skulle ein tru at det blei på ”Moromann”. Men her er det tristare enn nokon gong. Den rolege låten trekk deg rett inn i håpløysa. Men Bjella gjer det på ein måte som får deg til å bli glad. Måten han gjennom heile plata LEVERER låtane- er ein makt demonstrasjon. ”Jordsjuk” avsluttar plata og verkar å vere litt lysare. Eller? Tempoet er om noko anna litt høgare. Og hardingfela opnar det heile litt opp. Platas minst vonde visu. Og ei eigentleg positiv avslutning.

No har eg prøvd å beskrive kva eg føler om denne plata. Men ord strekk ikkje alltid til. Her er mykje mørke og håplause. Men eg elskar denne plata allereie. To av mine favorittlåtar er ”Desperados Waiting For A Train” av Guy Clark og ”Waiting Around To Die” av Townes Van Zandt. Med ein tematikk i tekstane av det mørke slaget. Ein tematikk eg og finn i tekstane på denne plata. Og når dei samstundes blir levert med tonefølgje som her, er det lyden av ein klassikar.

No fekk ikkje Bjella Spellemannsprisen for debuten sjølv om han var nominert. Det gjer han sikkert ikkje denne gongen heller. Dei som delar ut den prisen klarer tydelegvis ikkje å oppdage kvalitet sjølv om ein slår dei i bakhovudet med det.

Artikkeltags