Terningkast 5: SOME DARK HOLLER

Artikkelen er over 6 år gammel

”Hollow Chest”

DEL

Det er ikkje tvil om at dei amerikanske statane Alabama, Tennessee, Ohio og Georgia har stått for storparten av musikken eg har høyrt på i år. Some Dark Holler kjem frå Birmingham, Alabama. Og dei vart eg verkeleg klar over via ein smakebit på denne plata. Levert av This Is American Music. Låten var ”Hollow Chest” og eg var fanga når Helen Gassenheimer kom inn på refrenget, Det er ein sånn augneblink som treff deg midt mellom auga,

Bandet består forutan Gassenheimer på vokal og fele, av låtskrivar, vokalist og gitarist Chris Porter. Og bassist og vokalist Eric Onimus. Med hjelp frå lokale musikarar, mellom anna tre av medlemmane i det fantastiske bandet Through The Sparks.

Bandet beskriv musikken som Alabama Outlaw Country. Levert nesten heilt utan trommer. Og det kan jo vere ganske kjedeleg, kan det ikkje? Men nei da, mangelen på trommedrivne rytmar merkast ikkje i det heile. Kombinasjonane av Porter og Gassenheimer sine vokalar og sistnemnde sitt felespel, oppå det akustiske lydbiletet, gjør dette intenst og drivande. Trommer eller ikkje trommer. Og det er sjølvsagt på grunn av dei sterke låtane. Samt det faktum at dette til tider er mørkt og herleg. Mollstemt og melankolsk. Både i musikk og tekst. Chris Porter er ein mann med mykje på hjartet.

”Bar Tabs” luskar forsiktig inn på scena. Og sementerar raskt det fine samspelet mellom stemmane til Porter og Gassenheimer. Understreka av eit fint, litt aggressivt munnspel. Vi får meir fele på ”Cry For Me”. ”Sweet Red Wine” har også fela i front, medan ”Abigail” lar Gassenheimer briljere med sin bakgrunnsvokal i staden. Og no byrjar eg å lure på om dei nokon gong når toppen kvalitetsmessig. Det gjer dei. På det over nemnde tittelsporet. Der Gassenheimer briljerer både på vokal og fele. Måten vokalen hennar løftar låten på refrenget er nesten overjordisk. Og etter ei sånn ”utblåsing” er det godt ar dei roar det heile ned på ”Hell or High Water”. Ein låt Chip Taylor eller Guy Clark hadde vore stolt over å ha skrive, to artistar som ikkje er heilt bak mål som referansar for dette bandet. Roleg og melankolsk er det og på ”Everybody’s Devil”. ”Pills and Kerosene” aukar trykket igjen. Utan å trykke særleg hardt, om du skjønar. Men med Porter si glimrande stemme på toppen. Som på resten av plata syng han heilt glimrande. Frå det lyse og fine til det mørke og gutturale. Dei tek det roleg igjen på ”Owl Creek Bridge”. I byrjinga. Fin duettvokal frå Gassenheimer.”Purple Hearts” ligg i same lende. Med fin fele som supplement. Låten som ligg nærast rocken på plata er ”Cottonmouth”. Utan at dei forlet formelen på resten av låtane her. ”Chords Are Always The Same” avsluttar plata. Attende i det rolege, melankolske hjørnet. Og igjen høyrer eg spor frå Clark og Taylor. Og igjen er det kjenslevart og nydeleg. Begge med fin samsong frå Porter og Gassenheimer.

”Hollow Chest” er Some Dark Holler si første fulle plate, dei har tidlegare ein EP på samvitet. Den og anbefalast på det varmaste.

Dette er som nemnt over ei herleg og mørk plate. Heilt ypperleg for den melankolske årstida vi går inn i no.

Soundcloud

Artikkeltags