Terningkast 5: SMOKE MOHAWK

Artikkelen er over 6 år gammel

"Viva El Heavy Man"

DEL

Så kan ein spørje seg: Er det ein god ide å spele inn ein Osmonds-låt? Vel, i Smoke Mohawks sitt tilfelle er det ein særs god ide. Deira versjon av ”Crazy Horses” frå 1972 burde blåse tupeane av gjengen frå Salt Lake City. Om dei har tupear veit eg ikkje, men i følgje stadige observasjonar kringkasta via nettet, er dei mest sentrale av dei framleis ganske mykje i live. (Kvifor følgjer du med på alt dette? Du har alt for mykje fritid – Red) Oh well.

Smoke Mohawk kjem frå Oslo. Dette er bandets andre plate. Og om du lurer på korleis den første var, får du spørje nokon andre. Eventuelt ein vaksen. Eg veit ikkje, har ikkje høyrt om bandet før denne plata. Bandet blir kalla eit eklektisk rock-kollektiv. Og har røter i WE, Gluecifer, Bela B, My Midnight Creeps, Astroburger, Stein Torleif Bjella og Cloroform. Det høyrest. Dette er noko av det mest varierte eg har høyrt på lenge. Tung psykedelisk rock med den til tider spinnville, rabiate vokalisten Thomas Felberg i spissen.

Musikalsk ligg dei nærast 60- og 70-talet. Men det er eigentleg ikkje særleg retro det som blir levert her. Berre veldig, veldig bra uansett kva tidsepoke dei rettar seg inn mot.

Med ein gitarintro verdig Guns’N’Roses sparkar dei i gong plata med ”VCR King”. Forresten, verdig? Det kom ut litt feil. Berre gløym det. Det går ikkje an å nemne ordet verdig og Los Angeles-bandet i same setning. Uansett, låten startar med ein tøff gitarintro. Og fortset rivande. Med eit særs effektivt refreng, av den allsongvenlege sorten. Mykje veksling mellom gitar-ausing og fine keyboard parti. ”Sophia” kan karakteriserast som Scissor Sisters i ei utgåve det går an å høyre på. Men sjølvsagt mykje tøffare og tyngre enn søstrene. Tung er også ”Squaw Woman”. Som ei blanding av Black Sabbath og Powerpop. Ikkje samstundes, riktig nok. ”Jump Out Of Tyme” tek oss attende, som tittelen antydar, til den psykedeliske popen på slutten av 60-talet. Som til dømes The Zombies. Mykje fint keyboard-arbeid. Og eit særs fengjande refreng. 60-talet er også godt til stades på ”Phantom Spiker”. Samstundes som den ligg godt opp mot progrocken frå 70-talet. Med eit skråblikk på Kansas og Rush. Og etter kvart Felberg sin mest rabiate og skrikande vokal. Mykje skrik og mykje ull. ”Outskirts" opnar med lyden av eit helikopter som flyg oss til eit landskap som ligg nært til Iron Maiden. Før dei flyg vidare og gir oss The Osmonds i Stone Mohawk-utgåve på ”Crazy Horses”. Som nemnt over vesentlig tyngre enn originalen. Med brusande orgel og flerrande gitarar. ”Pirate Train” finn bandet i ein meir funky utgåve, men like tunge, brautande og melodiøse. Dei spelar nesten new wave på "Inspector Holmes". Som ei tung utgåve av XTC. Ein blir nesten ør av all variasjonen her. Men merkeleg nok heng det heile godt saman. "Expresso" drar strikken enno lengre. Her høyrest dei ut som den tyngre poputgåva av Pink Floyd. Med ein Syd Barrett helde godt i taumane. Og sjølvsagt finn Smoke Mohawk noko heilt anna å avlsutte plata med. No gir dei seg krautrocken og Hawkwind i vold med "POTLOP". Ein over sju minuttar lang syretrip. Som passar heilt glimrande inn i den sprikande heilskapen på plata.

Og nettopp den store variasjonen gjennom dei 13 låtane, sørgjar for at det veldig vanskeleg å bli lei denne plata med det første. Eg veit at det gjeld i kvart fall meg.

Eigentleg heilt glimrande.

Artikkeltags