Terningkast 5: SMÅGODT FRÅ SØRSTATANE

Artikkelen er over 6 år gammel

THROUGH THE SPARKS, TEDO STONE, THE MAGIC MATH

DEL

Tre band/artistar og tre EP’er. Alle tre banda frå dei amerikanske sørstatane. Og alle tre gitt ut på små lokale plateselskap. To på Alabama-selskapet Skybucket Records, og ein på This Is American Music.

THROUGH THE SPARKS

”Alamalibu”

Birmingham-bandet har vore ein av dei verkeleg store oppdagingane mine i år. Mykje på grunn av låten ”Angel Fix”. Den er det mest hypnotiserande eg har høyrt på lenge. Bandet har før denne utgjevinga gitt ut tre fullengdarar og to EP’er. Alt saman verdt å sjekke ut. Dei spelar ein slags småpsykedelisk variant av sørstatssoul. Det er berre fem låtar og etter å ha høyrt plata over 100(!) gongar kan eg dei alle i søvne. Men eg klarar likevel ikkje å la være å høyre på plata.

Kjøp hos Skybucket Records

TEDO STONE

“Happy”

Tedo Stone, frå Athens, Georgia, spelar countrysoul med ein overvekt av country. Men også rock og blues. Mannen har ei særprega stemme og skriv sterke tekstar. Spesielt ”Eastwood” der tekst saman med lydbilete skapar ein nesten skremmannde stemning. Og eg håpar at dette berre er oppvarminga på ei full plateutgjeving. For dette er så bra at det er behov for meir. Nok ei utgjeving som har fått mange omgangar på iPhone og stereoanlegg.

Kjøp hos This Is American Music

THE MAGIC MATH

“Humbly Suggest “Living Is A Miracle””

Dette er eit prosjekt som vokalist og låtskrivar Van Hollingsworth, frå Birmingham, Alabama, står bak. Og eg må innrømme at dette er noko av det meir snåle eg har høyrt på. Americana med eit snev av calypso. (Sa nokon Harry Nilsson?) Men ikkje la det skremme deg. Det er nemleg veldig bra. Og vil du ha full pakke kan du kjøpe CD-utgåva. Den er ein dobbel-EP.

Kjøp på Bandcamp

Kjøp CD

Artikkeltags