Terningkast 4: SKAMBANKT

Artikkelen er over 7 år gammel

”Søvnløs”

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Når eg høyrer på opningslåten ”Kaos, Så Inferno” slår det meg igjen kor høg Lime Spiders/New Christs/Radio Birdman-faktor Skambankt eigentleg har. Dei er sannsynlegvis like inspirert av Stooges som dei før nemnde australske banda.

Men bandet har denne gongen roa seg ned på deler av plata. Bandet konsoliderer på si fjerde plate stillinga og prøvar å utvikle lyden til bandet. Men ein høyrer likevel med ein gong kva band som spelar.

”Jesus Av Vår Tid” held fram dette tilsynelatande haraballet av ei plate. Rett på med riffing som trykkjar deg mot veggen. Med Terje Winterstø Røthing sin etter kvart lett attkjennande vokal på toppen. Singelen ”Mantra” høyrast framleis ut som eit tungt medisinert Mods. Sterk melodi med tungt herleg lydbilete. ”Amnesti” går vidare i denne trenden. Poputgåva av AC/DC.

På ”En Lang Strek” minner dei meg om australiarane The Lime Spiders i eit halvmjukt augneblink. ”Nattergal” forandrar på dette. Her er det opp med tempoet og inn med gitarkøyret. Panzer i kjempeform. Skambankt som vi eigentleg forventar å høyre dei.

På ”Født På Ny” forandrar dei alt igjen. Ballade med piano. Slett ikkje verst. Men eg veit ikkje, eg. Kan ikkje andre ta seg av sånt noko? Og Skambankt i staden gi jernet?

På ”Berlin” går det litt fortare. Med Link Wray-gitar gjennom byrjinga og ein slags mutert ”My Sharona”-beat på versa. Ganske bombastisk popmusikk eigentleg.

”Kvelertak!” er tydeleg ein hyllest til bandet med same namn. Ein skikkeleg bra ein. Og her lignar Skambankt meir på det dei har gjort tidlegare. I tillegg til å likne på før nemnde Kvelertak. Nok ein gong med Panzer i storform.

Avsluttinga ”Retrett” roar tinga litt igjen. Nok ein låt her som gir med assosiasjonar til ”We Want The Airwaves” med The Ramones. (Eller ”Shot By Both Sides” med Magazine).

Det er ikkje tvil om at rogalendingane her er til tider har blitt litt mjukare i kantane. Eg sit ikkje tilbake like mørbanka som etter å ha høyrt tidlegare plater. Og ein kan jo like og mislike akkurat det.

Men uansett korleis ein ser på det har Skambankt levert ein tidvis glimrande plate.

Berre ikkje heilt der oppe dei har vore tidlegare.

Artikkeltags