Terningkast 3: SIVERT HØYEM

Artikkelen er over 4 år gammel

”Endless Love”

DEL

På si femte plate har Høyem fått med produsenten til Thåström, Ulf Ivarsson. Han har også med seg to av musikarane til før nemnde artist, Anders Hernestam og Pelle Ossler. Førstnemnde også medlem av bandet Weeping Willows (óg aktuell med plate i disse dagar) og sistnemnde også tidlegare medlem av Wilmer X. Og mannen som gjer mest av seg, Christer Knutsen. På piano og orgel. I vedlagte presseskriv, ført i pennen av forfattar Torgrim Eggen, blir det i tillegg dradd samanlikningar til Bob Dylan, Leonard Cohen, Chris Isaak, Lou Reed og Nick Cave. Utan at eg høyrer så mykje av akkurat det. Utover det mørket som ligg over musikken.

Dette er uansett ei forbetring frå 2011-utgjevinga ”Long Slow Distance” som eg tykte var triste greier. No er denne plata betre, men det som slår meg er at Høyem som komponist kanskje burde søkje samarbeid med andre låtskrivarar. Eg tykkjer ikkje at den gjennomgåande kvaliteten på låtane er så høg. Dei kviler for mykje på framføringa og spesielt stemma til Høyem. Den er som vanleg god. Og er platas største aktiva.

”Endless Love” har ei opning som faktisk bringar tankane hen til Madrugada, til ”Belladonna” frå den første EPen og ”Higher” frå ”Industrial Silence”. Utan at sjølve låten ligg på same kvalitetsnivå. Det er bra, men ikkje SÅ bra. Beklagar at eg oppfører meg som ein gammal gubbe som tykkjer alt var betre før, men no har eg passert 50 og då har eg lov. På "Enigma Machine" stoppar det heile litt opp. Ikkje farten, den er god. Men den går og går, utan at han når målet (noko han for så vidt syng om óg, men låten gir etter kvart opp)

"Handsome Savior" er betre. Den er mindre statisk og lausare. Med flott vokal og store koringar. rett og slett ein fin låt. Det stoppar opp att på "Inner Vision". Pianoet i hovudrolla med ein Hamond B3 som støtte. Det kjem inn gitar mot slutten utan at det løftar låten nemneverdig. "Free As A Bird / Chained To The Sky" er ein roleg liten sak med ein akustisk gitar i hovudrolla. Ein låt som heller ikkje går nokre stader. Men slett ikkje ubehagleg å høyre på. Det er heller ikkje "Little Angel". Vesentleg meir instrumentert, men det tek tre og eit halvt minutt før den tar av og blir verkeleg interessant. Her har han også taua inn Cato Salsa på gitar og synthesizer. "Wat Tyler" slepp laus dyret. Men likevel ikkje, det blir som ein polert utgåve av Gun Club. Det høyrast ut som dei ikkje vil miste kontrollen. Likevel ein bra låt. Då er eg meir usikker på "Görlitzer Park". Intens, ja. Ein slags blues. Men den står berre i ro. Sjølv om dei prøvar hardt å dra seg ut av likesæla. "At Our Evening Table" er meir ein låt. Flott piano og sjelfull vokal. Sakte bygd opp, det skjer litt meir. Vel går det sakte, men dynamikken er betre. Han avsluttar nærast som ein singer/songwriter med "Ride On Sister". Med ein akustisk gitar i sentrum, etter kvart dandert med orgel, og etter kvart piano, viser han at det enkle er det beste. Og avsluttar med platas beste låt. Den er for å seie det mildt suveren. Så enkelt, så flott, så bra. Skulle ønske resten av plata låg på dette nivået.

Då hadde eg verkeleg fått igjen trua på Høyem, eg hadde eigentleg fått det etter singlelen ”Where Is My Moon?” frå 2012. Til inga nytte tydelegvis. Men kanskje avsluttinga her varslar ei betre framtid.

Artikkeltags