Terningkast 5: SIGURD JULIUS

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

”Sigurd Julius”

DEL

Sigurd Julius frå Melhus i Sør-Trøndelag er for meg eit ubeskrive blad. Det er han naturleg nok ikkje lenger, og det bør han ikkje vere for andre heller.

Han har vore ein liten sensasjon i det trønderske musikkmiljøet sidan han gjorde sin første konsert på Cafe Løkka i trønderhovudstaden for to år sidan. Han blei kåra til Årets mest lovande artist under Adresseavisens Ut-Awards-kåring i 2011. Og han har blitt hylla av Åge Aleksandersen. Tidlegare har han gitt ut to EP'ar og ein kassett.

Debutplata med det han kallar vindskeiv visepop, er spelt inn i heimesnekra studio ved den gamle Skysstasjonen i Melhus.

Og det er så bra som plateselskap og presseskriv skal ha det til. Det er ikkje alltid artistar klarar å leve opp til det som står i skriva som kjem med platene. Men her blir det innfridd utan problem.

For vel er låtane og framføringa til Julius (stemma hans er sterk og original) flott, men plata hadde ikkje blitt så bra utan orkesteret han har i ryggen. Dei produserer av og til eit fantastisk lydbilete. Som eg ikkje klarar å samanlikne med andre artistar i Noreg. Moddi kanskje? Nei dette er mykje betre. Heller amerikanaren Elliott Smith.

Det er uansett ingen andre her i landet som har låtar som "Flasketuten peke på" (atmosfærisk og stort, med brusande orgel) og "Så leng" (steel gitar som bakteppe). Det same kan elles seiast om dei åtte andre låtane.

Å karakterisere dette som visepop blir veldig snevert, det er mykje meir enn som så. Det høyrest ikkje akkurat sånn ut heile tida, men jaggu er det mykje som har føregått ved den gamle Skysstasjonen i Melhus det siste året. Dette bør være ein sensasjon også andre stader enn i det trønderske musikkmiljøet.

Artikkeltags