Terningkast 5: SEVEN DOORS HOTEL

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

”The Arcade”

DEL

Den fjerde plata frå bandet til Alexander Lindbäck. Mannen bak alle låtar, vokal og gitarar, står også bak produksjon av plata. Og plata skuffar sjølvsagt ikkje.

Denne gongen er det ikkje namnet på eit hotell på plata, ei heller veit eg kva det The Arcade er. Men på framsida av coveret er det bilde av eit litt loslite hus som kan være kandidat til destruksjonsobjekt i neste runde av ”Ikke Gjør Dette Hjemme”. Inni det flotte utbrettcoveret på vinylen er det derimot eit bilete frå eit hotellrom. Så vi oppheld oss i litt kjent terreng.

Det gjeld også musikken. Det er framleis americana som gjeld. Og denne gangen tykkjer eg dei minner meg om det fantastiske bandet Glossary.

"Go With You" byrjar plata med litt spenstig, avmålt gitarspel. Men dei slepp seg etter kvart meir enn nok laus. Flott stopp-og-gå-opning. Då er "Dead Man's Car" rolegare og råare. Med orgel og elektrisk piano. Og skakk fin vokal. Veldig melodiøst. "Hell's Hot" er meir up-tempo. Like skakk vokal med flotte koringar. Twangy gitar som bringar tankane hen til The Desert Rose Band og Foster and Lloyd. Storveies countryrock. Litt rolegare igjen på "That Day". Nærast vestkystrock. "Yesterday's Rain" er halvtempo med flott melodi. Og igjen ein vokal som ikkje hadde nådd opp i verken ”The Voice” eller Idol. Men her blir det berre heilt suverent. Noko som også gjeld "Hope She Knows", halvt ballade. Halvt halvtempo. Ein fin kjenslevar song til systera. "This Music" slepp laus rockebandet. Igjen flott vokal med flott koring. Effektivt hakkande piano. Ein låt om livet på vegen. Pedal steel-gitaren dukkar endeleg opp på "Sliding Bar". Saman med slide-gitar og orgel. Ein sugande, intens låt. Med islett av soul. "Gone Again" er mykje raskare. Sprettande alt.country. Ein låt om og frå den komande filmen om St. Thomas. Ei fin hylling til den avdøde artisten Lindbäck var trommeslagar for i fleire år. Tyngre og seigare på "Borderline". Nesten powerpop. Men med taggar. ”My Back To The Future” køyrar opp att tempoet. Mykje piano og orgel. Og eit flott halvtminutts gjestespel frå pedal steel-gitaren. Sjølvsagt alt for kort. Men avsluttinga "225 Parsons Street" bøter på det. På den nydelege balladen har nemnde instrument ei framtredande rolle.

Låten er ei nydeleg avslutting på ei flott og variert plate. Og nettopp variasjonen er grunnen til at eg innleiingsvis samanlikna bandet med Glossary. Dette er uansett bandets sterkaste og beste plate til no. Og om det har nokon betyding, denne meldinga er skriven etter nesten utelukkande lytting på vinylversjonen. Den læt fantastisk.

Artikkeltags