Terningkast 5: SEVEN DOORS HOTEL

Artikkelen er over 7 år gammel

”The Overlook”

DEL

Plate nummer tre frå dette fine Oslobandet. Som denne gongen klarer seg heilt utan ekstern hjelp. På dei tidlegare utgjevingane hadde dei hjelp frå mellom anna Mark Olson frå The Jayhawks og Lars Håvard Haugen frå Hellbillies. Og akkurat det faktumet kan ikkje ha gjort store forskjellen. Denne plata er minst like god som dei to føregåande.

Gruppa som tydelegvis har lagt sin elsk på kjende hotell frå skrekkfilmar og TV-seriar tek denne gongen inn på hotellet i ”The Shining” (Ondskapens Hotell). ”The Great Northern” som den førre plata heitte hadde namnet sitt frå hotellet i ”Twin Peaks”. Og Seven Doors Hotel har namnet sitt frå hotellet i skrekkfilmen ”The Beyond”.

Musikalsk har ikkje dette mykje med musikken ein stort sett finn på hotell. Som til dømes bulgarske danseband og powerduoar ein treng 14 i promille for å ha noko nytte av.

Dei held fram reisa gjennom americana-land med eit nikk til britisk pubrock. Som til dømes Brinsley Schwarz. Og sistnemnde var jo sterkt inspirert av The Band. Så det må jo berre bli bra.

Men det byrjar med ”El Cerrito”. Som ligg nærare ei blanding av Neil Young og tidleg Wilco. Samt jakta på nok eit hotell. Til tider tett og bombastisk. ”The Crossbow” opnar seg opp i eit lysare landskap der før nemnde pubrock visar seg fram. Med countryrock med nydelege harmoniar i botnen. Høyrte eg nokon seie The Jayhawks? Målt mot det herrane Louris og Olson har funnet på i det siste tronar dette godt over. Platas sterkaste låt. Meir mollstemt Neil Young kan ein ane i ”Reasons For Treason”. Med mykje fint orgelspel som driv låten frametter. ”Cool To Die” er god slentrande countryrock. Med fine harmoniar. Eit nake piano opnar ”Gospel Music” og held seg stort sett bede heile vegen. Platas nest rolegaste låt. Som blir instrumentert opp etter kvart. Utan at det går utover den fine vare stemninga. ”Nothing Wrong” nøyer seg med ein kassegitar som tonefølgje til vokalen. Litt spagettiwestern blir det nesten på ”Salmon River Blues”. Som ikkje er beskrivinga av ein fisketur utan fangst. Men heller ei slags hylling til vokalist Anders Lindbäck sin heimstad Lakselv. ”Living Like a Monkey” er ein kjapp og fin countrylåt. Ikkje ulikt Rogalendingen Olav Larsen. Som minner meg på at vi no ventar på ei ny plate frå den kanten, og. Meir helling mot The Jayhawks får vi på ”Record Store”. Ei fin beskriving og hyllest til av ei god plateforretning. Som minner meg om gleda av å spele singelplater. Og å utforske den runde svarte plastdingsen. ”Golden Road” får opp tempoet og trykket. Igjen som ein blanding av Neil Young og Tidleg Wilco. Ein låt som ikkje ville vore malplassert på sistnemnde sin ”A.M.”.

Men alt godt plar ha ein ende. Også ”The Overlook”. ”Glue (To Be With You)” sørger for at avslutninga blir gjort på ein veldig fin måte. Med diskrete blues- og jazzelement inni den fine americanamiksen.

Men det går jo alltids an å spele plata igjen. Og igjen.

Artikkeltags