Terningkast 5: SCOTT CHISM & THE BETTER HALF

Artikkelen er over 6 år gammel

"Long Haul Steady"

DEL

Mississippi-duoen med røter i Blue Ridge Mountains, har spelt saman sidan 2008. Ein duo som består av Scott Chism og Lynsey Terry. Og har som på denne debutplata tidlegare levert bluegrass, rocka country, honky tonk og ganske standard Nashville-country. På ein særs fin måte.

”We’ll Turn Into Ghosts” opnar plata med fin feiande bluegrass. Med full kontroll på banjo og steel-gitar. Dei durar vidare med ”2X1”. Ein låt som kunne vore levert av Tammy Wynette eller Loretta Lynn i deira velmaktsdagar. Eller Carlene Carter, for den del. Platas første låt med Terry på hovudvokal. ”Jet’n’Dewdrop’s Farm” plasserer dei i honkytonk-land. Tre låtar inn og tre forskjellige nyansar innan country. Vi snakkar om god variasjon. Nyansane openberrar seg vidare på ”Corinth Now” og ”Long Haul Steady”. Litt seigare og meir rocka. Og bluesy. Utan å vandre så langt frå malen plata er laga etter. ”Good King Josiah” beveger seg inn på einemerka til Guy Clark og Chip Taylor. Framleis like fint og elegant utført. Meir blues, og swing, byr ”Hand Me Down Blues” på. ”Keep Bearin’ Down” bringar eit snev av Bo Diddley i kompet på bana. Heilt roleg tar dei det på ”Hobo Blues”. Ein klassisk countryballade av høg kvalitet med sjelfull vokal frå Terry. "Hammer Lane" landar i eit litt tyngre og råare landskap. Som dei før nemnde Clark og Taylor med litt fuzz. Dei ligg også over "Life & Law of Nature". Men denne gongen heilt nakent og kjenslevart. Vokal og ein forsiktig plukkande akustisk gitar. ”Bullets and Bribes” forandrar alt igjen. Kjapp elektrisk bluegrass. Med eit honky tonk-piano tidvis sentralt i lydbiletet. Ein låt som roar seg ned og landar fint mot slutten. Og lagar ein fin overgong til den avsluttande "One More Mile”. Der Terry leverar nok ein fin vokalinnsats. Berre kompa av ein litt uptempo elektrisk gitar.

Ein blir rett og slett imponert over kor variert denne duoen klarar å låte. I ein tradisjonsbunden sjanger. For meg er dette så langt årets beste reine countryplate.

Artikkeltags