Terningkast 6: SATOR

Artikkelen er over 6 år gammel

”Under the Radar”

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Når verda verkar trist og det meste går deg i mot, er det godt at det finnast band som svenske Sator, kongane av klisjear. Og plater som ”Under The Radar” med klisjear brukt på riktig måte. Her finn eg alt eg forventar av ei rockeplate. Sterke låtar og glimrande refreng. Tunge gitarar og ein vokalist med pondus og autoritet. Og avslutningsvis ein kraftballade.

Sator festa seg første gongen i mi bevisstheit med plata ”Stock Rocker Nuts” frå 1990. Sjølv om eg trur det tok eit år eller to før eg oppdaga plata. (Ting gjekk litt saktare den gongen.) Og spesielt singelen ”World”. Med ei opning sampla frå filmen Robocop fanga dei interessa umiddelbart. (”Is it time for that big operation?”). Og ein melodi og refreng som sitt i ryggrada min i dag, 20 år seinare. Resten av plata hadde endå fleire samplingar (frå obskure skrekkfilmar) og låtar med melodiar og refreng som gjekk langt utanpå sine samtidige.

Og når vi no skriv 2011 er det heldigvis ikkje mykje som har forandra seg. Dei høyrest stadig ut som ei blanding av AC/DC (utan leirføtene), Tom Petty, Beach Boys, powerpop og punk.

Dei har framleis 75 % av besetninga igjen frå ”Stock Rocker Nuts”. Og dei brukar framleis Music-A-Matic Studioet i Göteborg. Og det, som du skjønar, læt like steintøft som den gongen eg oppdaga dei for 20 år sidan.

”Your Up Gets Me Down” opnar forrykande. Som The Ramones i 120 med Beach Boys vakande svakt i bakgrunnen. Køyrande ned same motorvegen som våre eigne The Yum Yums. Ein køyretur som i første omgang tek 47 sekund. Tida det tek før dei stuper ut i platas første glimrande refreng. Heng du med til gitarsoloen, skjønar du kvifor eg nemnar The Yum Yums. Foten lettar litt frå gasspedalen på ”Drive Through The Night”. Men dei treng under 40 sekund på å nå første refrenget. Som nok ein gong er førsteklasses. ”S.T.S.” ligg i gata til Turbonegro. Når dei orkar å køyre fort. Og minst like tøft. Dei roar tempoet ned på ”Tonight’s The Night” og leikar AC/DC. Men mykje meir elegant og leikent.

Og så: ”Wanted: Hope and Pride Before I Die” er platas zen-augneblink. Ein låt som får meg til å bli fjortis igjen. I den forstand at eg glatt kan høyre låten 20 gongar på rad. I høyretelefonar. På full guffe. Utan å gå lei. Ein låt med eit vers og refreng som overgår det meste eg har høyrt sidan ? Ja gudane må vite. Eg må berre innsjå at eg sit med ein ape på ryggen som eg ikkje har nokre planar å kvitte meg med.

Dei fyrar opp att tempoet på ”When You Lie Down With Dogs”. Nok ein flyttar dei seg inn på området til Turbonegro. Men også på dei geniale australiarane Lime Spiders. Høgoktan rock frå start til mål, som lar ein sitje igjen og gispe etter pusten. ”Under The Radar” finn det då for godt å senke tempoet litt. Halvere det sånn cirka. Og i mine øyre til å assosiere med to store låtar. Synthen i byrjinga får meg til å tenkje på då Wall Of Voodoo leikte Johnny Cash på ”Ring Of Fire”. Og ekkoet dei har lagt på gitaren, får meg til å tenkje på Norman Greenbaum sin ”Spirit In The Sky”. Kan hende det er eg som innbiller meg ting. Men tøft er det uansett. Platas tyngste og seigaste låt. Som ikkje går på akkord med bandets meloditeft på resten her. Men Sator lar deg ikkje slappe av, så ”The Get Out” aukar igjen farta. Kanskje på tide å komme seg ut. Songen for han der arabaren sekunda før det smalt. Og eigentleg noko som etter kvart kan kallast klassisk Sator. ”You’ve Got Blood On Your Hands” får meg endå ein gong til å tenkje på Mick Blood og Lime Spiders. Breibeint høgoktan rock med tøff koring. Og eit mellomspel som understrekar poenget. Og løftar låten endå høgre. Livets harde kalde fakta blir levert i ”We’re All Gonna Die”. Uansett kor bra du har det. Berre slapp av, du stryk med før eller seinare. Til helvete på første klasse, endå ein gong med eit tonefølgje verdig Lime Spiders og Turbonegro. ”Love Bells” avsluttar det heile og er med sine over fem minuttar platas lengste låt. Og eigentleg ikkje eitt sekund for lang. Samstundes som den er låten som skil seg mest ut. Ei kraftballade. (Eg nektar å bruke det derre andre ordet, det er for betent.) Ei ballade som kan få enkelte brødhovud til å ta fram lighteren. Men open flamme og denne plata går dårleg saman. Til det ligg eimen av bensin for tjukt rundt. Så bare len deg godt tilbake og slapp av når Sator rundar av årets meisterverk på ein uunngåeleg balsamerande måte. Med platas mest majestetiske vokalprestasjon.

Sator held med andre ord koken framleis. No nemnde eg ”Stock Rocker Nuts”. Men eigentleg kan eg tilrå alt dei har gitt ut etter den som verdt å skaffe seg. Kanskje spesielt ”Headquake” og coversamlinga ”Barbeque Killers Vol. 1”.

Eg må berre innsjå at eg sit med ein ape på ryggen som eg ikkje har nokre planar å kvitte meg med.

Artikkeltags