Ryan Adams (må for all del ikke forvekslast med Bryan Adams) er ein uhyre produktiv herre.

«Easy Tiger» er det niande soloalbumet hans sidan 2000, og før det gav han ut tre plater med gruppa Whiskeytown. Slett ikkje verst for ein knapt 33 år gammal mann. Det er ikkje berre kvantiteten som imponerar, også kvaliteten er høg på det meste av det han har gitt ut. Han har imponert fleire godt etablerte stjerner, m.a. kan nemnast at sjølvaste Emmylou Harris var med og song på den første soloplata hans. Han har og spelt i lag med storleikar som Willy Nelson og Elton John.

«Easy Tiger» imponerer. Dette er i mine øyre ei av dei beste platene han har laga. Flotte og varierte songar innanfor rock- og countrysjangeren. Ryan Adams og bandet hans, The Cardinals, er ein svært samspelt gjeng, og det høyrest godt på plata.

Ein kan av og til lure på kvar han tek dei frå, kanskje skjer det slik som han skriv i songen «Pearls on a String»: «And there's always new songs to sing / Glorious kind and always on time, Pearls on a string».

Stig Reiakvam