Terningkast 6: RUNE BERG

Artikkelen er over 6 år gammel

”Hølå”

DEL

Til å være så merittert er eigentleg Rune Berg ein ukjend mann. Og at dette er mannens debutalbum er jo både riktig og galt. Som soloartist, ja. Som plateartist, nei. Med mindre du har vore blind, døv eller i koma dei siste 12 åra, kan du umogleg unngått å høyre han tidlegare. Då hovudsakleg som låtskrivar, tekstforfattar og gitarist i The Margarets og Number Seven Deli. Som han har gjeve ut til saman sju plater med. I tillegg til å vere involvert i diverse filmar og teaterprosjekt på musikksida.

Når han no endeleg solodebuterar er det ein konsekvens av at han oppdaga at han var einaste aktive medlem av dei før nemnde band. Og om verdsherredøme, som var utgangspunktet deira, skulle oppnåast, måtte Berg ta ankeretappen sjølv. Saman med Robert Post som hjelpemann.

Og akkurat det har han i høgaste grad lukkast med. Om ikkje dette er sisteetappen, er det ei særs sterk vidareføring av dei før nemnde banda. Og eit særs godt utgangspunkt for ei vidare karriere.

Tekstane er denne gongen meir personlege og direkte. Og utan å gå i detalj kan eg berre fastslå at han ikkje gjer seg bort på nokon måte når det gjeld dei engelske tekstane.

”Breaking News” som opnar plata, får meg som ofte før med plater som har sitt opphav på Giske utanfor Ålesund, til å tenke på sommar. Eg har berre vore på Giske ein gong, ein formiddag i desember. Men også då var vêret så nydeleg at ein skulle tru det var sommar. Så dei har nok solskinet i genane sine, giskingane. Ein låt så sommarleg slentrande at sjølv ikkje ein alvorleg tekst klarer å øydeleggje stemninga. Ei stemning som går gjennom heile plata. Trudde dei første sekunda at ”No Other Way Out” var ein countrylåt. Men den

dreg det ikkje heilt ut. Den held seg i det same svale vestkystlandskapet som resten av plata, men med ein behagleg gitar som fyller inn med delikate countrylicks. Og orgelet som følgjer heile vegen, understrekar den gode kjensla. ”Never One Of Them” roar endå meir ned. Og eg sit nesten igjen med kjensla av å ha høyrt på The Young Rascals. Igjen med ein heilt nydeleg gitar som fyller inn. Denne gongen litt skarpare. Dei dreg ikkje noko fortare i veg å ”How Come”. Framleis same nydelege lydbiletet, med eit diskret orgel tydeleg plassert. Men det som løftar denne låten endå litt høgare er den forsiktige bruken av blåsarar. Og framleis med den fine leadgitaren som krydrar her og der. ”Pass It On” roar om mogleg endå litt ned. Dei tek vekk trommene og lar det heile flyte stille i veg. Med el-piano og gitar i sentrum. Det blir eit stilskifte på ”Diana!”. Nesten litt småfunky og groovy. Med forsiktig wah-wah-gitar og orgel, den etter kvart kjende leadgitaren som kommentator. Og fin koring. ”Easy Now” lar orgelet styre låten. Og igjen nyttar dei forsiktige blåsarar. Men orgelet og gitaren har heile tida kontrollen på den rolege låten. Ein låt som har forsiktige islett av jazz. Som heldigvis ikkje er så tydelege at det er plagsamt. Heller meir mot easy listening. Vi får platas snålaste tittel med ”The Perfect Patience Of A Machine”. Men låten er ikkje snål. Berre etter forholda litt tyngre og raskare. Men ikkje noko som eigentleg skil seg ut frå den fine heilskapen. Igjen med mykje orgel og fin leadgitar. "Soulless Instead" har eit roleg slentrande lydbilete i starten. Nesten litt forsiktig Simon & Garfunkel. Som blir toppa av eit fint refreng med orgelet i hovudrolla. Plata blir runda av med "All My Time". Ein halvtempo låt med eit fint refreng som ikkje hadde vore misplassert på ei sein George Harrison-plate. Med matchande gitarspel og ein produksjon i Jeff Lynne-land.

Og med ei sånn avslutting kan Berg sei seg særs nøgd med si eiga debutplate. Eller ungdomsopprør som han kallar det. Kanskje det, det er ikkje akkurat barnestrekar han har drive med tidlegare. Dette er uansett, ungdomsopprør eller ikkje, ein særs moden, vaksen og klassisk pop-plate.

Dette er uansett, ungdomsopprør eller ikkje, ein særs moden, vaksen og klassisk pop-plate.

Artikkeltags