Terningkast 5: ROBERT SMITH-HALD

Artikkelen er over 4 år gammel

”Listen”

DEL

Plate nr tre frå bergensaren. Og har du ikkje lytta før, bør de gjøre som tittelen på plata oppfordrar deg til. For han har ikkje akkurat blitt dårlegare med åra.

Innspelt på vestlandsk jord i Hordaland, med ein liten avstikkar til Nashville for pålegg av keyboards frå James Taylor sin faste keyboardspelar. John Deaderick.

Musikalsk held han seg der han var på dei to første platene, "Innocence Said" frå 2009 og ”Thou Mayest” frå 2012. Americana for det meste, med nokre avstikkarar

På tekstsida spenner det frå angst, melankoli og religionskritikk. Men også intens naturoppleving, glede og kjærleik. Det som nesten stoppa meg frå å omtale plata var at den foreløpig berre finnast digitalt, eg har sagt nei til andre. Men prinsipp er kanskje til for å brytast. Og det er mulig at denne plata etter kvart kjem ut fysisk. Eg veit at å kjempe mot ei framtid med berre digitale utgjevingar er som å slåst mot vindmøller. Men det er heilt greitt, det gjer eg kvar dag.

Og sjølvsagt er denne plata for god til å bli neglisjert.

"I Still Break" opnar med ein Didgeridoo, spesiallaget til denne songen i Australia. Og saman med ein enkel akustisk gitar og ein vegg av strykarar skaper han eit ganske monumentalt lydbilete. Annleis og flott. Det går like sakte føre seg på "Arthur and Jane". Ein flott ballade med twang i gitaren og herleg orgel. ”Listen” aukar tempoet og har litt romklang og wall of sound i tempoet. Med eit flott piano. Halvtempo rock. Han ligg i same gata på "Golden Diamond Dust". Nærast litt barokk popmusikk som bykollega Julian Berntzen då han var god. Mykje keyboards. "Don't Stand On Me" derimot er ganske så nedstrippa. Og enkelt smakfullt arrangert. Med den akustiske gitaren i fokus. Det er meir liv i "Lost in Space". Utan at bandet på nokon måte spring av seg skoa. Poprock med americanatendensar. Og eit flott munnspel. "Thy Name is Thicker" høyrest ut som Henning Kvitnes’ Next Step i 1983. Brusande orgel og hjartelandsrock. ”Open Roads” frå sistnemnde inneheld elles ein av dei beste coverversjonane frå Springsteen sin ”Nebraska”, ”Mansion On The Hill”. (Den beste er sjølvsagt Zeitgeist sin ”Atlantic City”. Men det visste du gjerne).

Det er meir dvelande og tungt på "Lucifer Is Calling". Litt sånn litt 90-tals R.E.M. i mangel av betre ord. Med platas med mest intense vokalprestasjon. "Taste It" er for meg platas høgdepunkt. Tilliks med ”Tumblin’ Into You” frå ”Thou Mayest”, ein rykande rockelåt med akustisk bass i Rockpile- og The Blasters-land. Heilt glimrande. Plata tas inn for landing med "Your Time has Passed” og "In The Silence Of The Night". På ein var og roleg måte. Førstnemnde med svensk sekkepipe og mongolsk strupesong, og munnspel i tillegg til den akustiske gitaren. Den siste med smakfull forsiktig bruk av strykarar som krydder til den akustiske gitaren. Begge to heilt nydelege.

Den tredje plata til Smith-Hald forandrar ikkje noko særleg frå dei to første platene. Musikken er mykje den same og kvaliteten er som vanleg skyhøg. No kan vi berre håpe på ei fysisk utgåve av albumet etter kvart.

Artikkeltags