Terningkast 5: ROBERT SMITH-HALD

Artikkelen er over 6 år gammel

”Thou Mayest”

DEL

Plate nummer to frå den Bergens-busette eksilamerikanaren går seg i fleire retningar - for det meste positive. Og det er ikkje tvil om at Smith-Hald har utvikla seg sidan debuten, ”Innocence Said”. Det er denne gongen, tidvis, meir bandkjensle over plata. Sjølv om den er innspelt med sessionmusikarar i Nashville.

Opninga ”Dead Dogs” er i så måte representativt for dette. Litt seig, bluesy groove, ikkje ulikt det produsent Orbo og kumpanane driv med. Ikkje så rart når det er Orbo som står for gitarspelet her. ”Thumblin’ Into You” er meir spretten og lettbeint. Med ekko av Dave Edmunds og Rockpile på mellomspela. På tittelsporet, ”Thou Mayest”, byrjar singer/songwritaren Smith-Hald åleine, før han får følgje av resten av bandet på ein nydeleg halvtempolåt. Med mellom anna eit nydeleg B3 Hammondorgel-spel av Reese Wynans (Stevie Ray Vaughan). ”Throw Me a Bone” er platas einaste utagerande rockelåt. Men også den med eit fint, roleg parti midtvegs. Godt, solid gitararbeid frå Smith-Hald sin faste handlangar, Vegard Henanger. Så kjem den einaste låten eg ikkje får heilt taket på, deler av vokalen har skulda for det. Eg får assosiasjonar i hovudet eg ikkje vil ha. For sjølve kompet, med Fats Kaplin (Studiomusikar extraordinaire, Tom Russell, Jack White, osb. osb.) si fele sentralt, er fint det, litt sigøynaraktig. Men som sagt: Eg slit litt med pompom.

”When You’re Gone” får meg til å gløyme det fort. Ein spretten og fin countrylåt med Lisa Torres på fin andrevokal. Platas vakraste augeblink visar seg på ”So Beautiful”. Ein kjenslevar kjærleikserklæring berre akkompagnert av Orbo på piano og fela til Fats Kaplin. ”Visions” har også den nemnde fela til Kaplin, men det er einaste likskapen. Her snakkar vi staden om nærast Texas Swing. Like suverent levert som resten av plata, med ein beat nærare tittelsporet fortset han med den fine ”Nothin’s Gonna Bring Love Down”. Og ligg igjen opp mot Orbo & The Longshots. ”Wait For Me” er platas eigentlege avslutting. Her er ein akustisk gitar einaste tonefølgje utan at det spelar noka rolle. Det visar berre at låtane til Smith-Hald er like sterke uansett korleis han vel å presentere dei.

For å kjøpe resten plata må du ut den digitale verda. Det er snakk om to låtar som i utgangspunktet var eksklusive til iTunes. Men du finn dei nok alle stadar der musikk blir seld digitalt. Og spesielt ”Sweet Carolina Day” er vel verd dei ekstra kronene, ein låt som minnar meg om kor eg elska dei første platene til Vince Gill og Rodney Crowell.”Empty Room” er meir malande. Og rocka, med ein fin banjo i spissen.

Denne fine plata, som totalt sett overgår forgjengaren, er produsert av Orbo og Erick Jaskowiak. Jaskowiak er ein merittert produsent og teknikar, mest kjend her på berget frå sitt arbeide med Orbo & The Longshots. Saman har dei laga ei særs solid plate.

Artikkeltags