Det måtte jo skje det også; at Kurt Nilsen fekk vere med på ei god plate. For det er dette og det er han på ei låt. Og akkurat det faktumet skal ikkje eg bruke mot Smith-Hald.
Når Dylan og Springsteen blir brukt som samanlikningsgrunnlag i beskriving av ei artist er eg som regel litt skeptisk, men på enkelte låtar her har dei orda sine i behald når det gjeld Dylan. Den Bergensbusette eksilamerikanaren høyrest til forveksling ut som den godaste Robert Zimmernan på «No Sunshine» og «I'm Free». Men ikkje det at det eigentleg gjer noko.
Smith-Hald klarar godt å stå eigne bein, for å ta opp det eg skreiv i byrjinga. Ikkje det at eg skal samanlikne han med Kurt Nilsen, men hadde den tidlegare Idolvinnaren levert låtmateriale av eit sånt kaliber som ein finn på denne plata, så kunne det blitt ein skikkeleg artist av han og. Linken til Nilsen ligg her, dei har felles produsent i Eirik Grønner og kjem i teorien frå same kant av landet. Men det er det.
For med låtar som «On And On», «Safe As Milk» (WTF, Captain Beefheart?) og «More Than This» plasserer Smith-Hald seg i ein heilt anna divisjon. Nemner du Dylan og Springsteen kan du like gjerne slenge på John Mellencamp, referansane er mange. Men han klarer godt å hevde seg på eigen hand, dette er faktisk ei særs sterk debutplate frå ein artist som har halde på i 20 år men som grunna sceneskrekk har vore avskoren frå å nå dei store massane. Men med ei kone som set ultimatum (ho nærast tvang han ut på scena) og stort plateselskap i ryggen kan dette fort snu seg.
PS. Smith-Hald har også vore med i TV-sendt talentkonkurranse, men dommarane i Norske Talenter (eller er det tulipanar? Er litt usikker no?) med Jan Fredrik Karlsen i spissen gjorde det til ein kort affære. Kanskje like greitt?