Terningkast 5: ROBERT POST

Artikkelen er over 5 år gammel

”The Button Moulder”

DEL

Merkeleg, eg har innbilt meg at Post har gitt ut mange plater sidan starten i 2005. Men dette er faktisk berre mannens fjerde plate på dei åtte åra som er gått. Det seier litt om kvaliteten på det han har gitt ut, sidan han har ein så god plass i minnet mitt.

Som sagt er no Post klar med ei ny plate. Og grunna ein lyssky italiensk konsertagent og påfølgjande økonomisk tap, så blei den allereie innspelte plata "Rhetoric Season Two" forkasta i august i år. Og når vi no er i slutten av oktober, seier det seg sjølv at tinga føregjekk i eit radig tempo når han bestemde seg for å spele inn ei ny plate.

Etter at den førre plata, "Rhetoric Season One", bestemde han seg denne gongen for å spele inn ei bandplate. Der bandet består av Robert Post. Utan at det går ut over bandfølelsen på plata.

For å sitere presseskrivet: ”Innspelinga og miksen blei gjort dag og natt i Velvet Recordings, Spydeberg. Samt pa? diverse hotellrom rundt omkring i Noreg i forbindelse med Riksteatret og Det Norske Teatrets oppsetting av ”Bikubesong” der Robert er bassist.”

Det er også litteratur som ligg bak tittelen på plata. Igjen frå presseskrivet: ”Tittelen The Button Moulder er henta frå Peer Gynt. Knappestøperen går rundt på jorda og bestemmer om folk har vært dydig eller syndig nok til å få eit hinsidig liv i høvesvis himmelen eller helvete. ”Nokon gonger følest det slik å være låtskrivar...”, seier Robert Post, ”...det at ein til tider kan være vel dømmande overfor folk rundt seg. Og at ein vel ein slags side. Men det er slik det fungerer å vere ærleg.” Likevel er albumet på ingen måte eit konseptalbum. Det består av ei god blanding kvardagsobservasjonar og konfliktar, blanda med nokre kjærleikshistorier.”

No er det rett nok ikkje rare bandet som opnar plata med "Be Kind". Heller ei enkel ukulele eller noko sånt som etter kvart får litt enkelt tonefølgje. "Safe and Sound" derimot introduserar trommene. Utan at han på nokon måte lar det skli ut. Men mykje meir lyd, med mellom anna strykarar og effektivt gitarspel. Og på ein måte minnar det meg om Elliott Smith. Han følgjer opp med endå meir gitarar på "Dress Less Beautiful". Nærast litt småpsykedelisk. Ein halvtempo gnagande låt med eit flott refreng. "So Bad Of You" er meir atmosfærisk, framleis sedat i tempoet. Med eit kantete Neil Young-komp tidfesta til tidleg 70-tal. Same tempo og komp på "My Body". Berre litt tyngre. Og eg skjønar etter kvart kva han meinte med ei bandplate. Det høyrest etter kvart ut som om det er fleire personar i dette bandet, ikkje berre Post. På same måte som Jason Falkner klarar å høyrest ut som eit heilt band. "Fair Game" slentrar vidare. Denne gongen med utfyllande strykarar. Men tidvis kanskje platas minst interessante spor. Eg føler det blir ståande å stange på midten. Men det flotte refrenget reddar det heile i land. Det eine av to tittelspor, "The Button Moulder's Walk", er meir atmosfærisk . Meir ein lydkollasj enn ein låt. "Feeler" er til å vere så enkel ganske stor i lyden. Enkel fordi det berre er Post si vokal og gitarar. Enkel er også for så vidt den drivande "The Frost". Heller ingen trommer her, men mykje anna. Og platas einaste duett. Han har fått med Marianne Sveen frå Katzenjammer. Innspelt under deira felles turne i Europa ein stad i februar i år. "Crazy" er igjen berre Post. Nok ein gong utan trommer, men likevel med det som trengst. Og litt til. Nok eit flott refreng. Han avsluttar med del to av tittelsporet, "The Button Moulder's Waltz". Ikkje så mykje ein låt dette heller, ikkje så mykje ein vals heller. Igjen meir ein lydkollasj som etter kvart nærmar seg Pink Floyd i 1975. Og eit fint punktum på årets Post-plate. Ei plate som stadfester stillinga til Post som ein artist som leverer kvar gong han gir ut plate.

For dette er nok ei flott plate frå Robert Post.

Artikkeltags