Terningkast 6: ROBERT POST

Artikkelen er over 7 år gammel

”Rhetoric”

DEL

I ei tid der terskelen for å gi ut musikk er blitt veldig låg, er kvaliteten på mykje av det som kjem ut i beste fall laber. Det burde aldri vore utgitt. Problemet er at det er så enkelt å produsere det og å få det ut. Stort sett for døve øyrer.

Eg har motteke mykje rart i år. Men terskelen min for når det gjeld å ta ting seriøst har ikkje blitt lågare. Så ofte er det best å avstå frå å meine noko. Det blir fleire og fleire som i mine øyre bør vernast mot seg sjølv.

Robert Post er ikkje ein av disse. Han har for så vidt gjort det enkelt denne gongen. Tilsynelatande. Han har reboota karrieren sin ved å ta vekk stort sett alt. Bortsett frå stemma og gitaren. Og 11 sterke låtar.

Etter to glimrande album, starta han arbeidet med denne plata i fjor haust. Og fann etter kvart ut at seks timar med nytt materiale trengde ein ny innfallsvinkel. I staden for å dra eit heilt band inn i studio, enda han opp med å spele alt sjølv. Med unntak av fiolin og viola. Det er det Lise Voldsdal som står for. Post spelar akustiske og elektriske gitarar. Elektrisk sitar, mandolin, ukulele, banjo, bassgitar, piano, hammondorgel, pumpeorgel, mellotron, omnichord, perkusjon og bjøller. Ikkje alt på ein gong heldigvis. Alt blir brukt som krydder til stemma og gitaren.

Og i alt det enkle er den første referansen som fell inn i hovudet mitt Nick Drake. Ein litt livligare og lysare utgåve. Mykje grunna Post sin lyse og sterke stemme. Han er ein fantastisk vokalist. Med eit stort register.

”Hey Hey For The Record” opnar vart og forsiktig. Til han kjem til refrenget som får følgje av bass og fiolin. Og set standarden for plata med sitt nydelege refreng. Noko som Post har vore ekspert på sidan eg oppdaga han. Refrenget på ”Got None” frå debutplata er ein av dei sterkaste øyreopnarane eg har høyrt. Meir krydder i form av tangentrar og bassgitar får vi på ”My Body”. Nok ein gong bygd opp til refrenget. ”Frontline” er i utgangspunktet berre akustisk gitar og vokal. Men får etter kvart følgje av mandolin og hammondorgel når det byggjar seg opp. Banjo og strykarar er ein god del av ”Landing”. Atter ein gong bygd opp frå naken gitar og vokal. Nesten litt country i steget.”Slip Like Sand” byr på Post som syng harmoni som hovudkrydder. Med ein knivsodd bjøllar og tangentar. ”I Find It Strange” byr på det som ligg nærast slagverk på plata. Men det er nok berre Post som held takta på gitarkassa. I tillegg er eit orgel sentralt stort sett heile vegen. Og det overjordisk nydelege refrenget blir følgd av ein bassgitar og meir tangentar. Med ein diskret elektrisk gitar i bakgrunnen. ”Boundaries To Shake” er det varaste innslaget på plata. Akustisk gitar og vokal. Krydra med meir diskrete tangentar og gitar. Ein forsiktig cymbal opnar ”Tried So Many Times”. Og byggjar seg opp til refrenget med bassgitar og strykarar. Igjen bortimot overjordisk nydeleg. Med ein ganske heftig avslutting med hammondorgelet i hovudrolla. ”I Want To Leave” er platas mest hektiske og raske låt. Ikkje så rask eigentleg. Men hektisk. Stort sett klimprande akustisk gitar og vokal. Med litt tangentsnadder undervegs heilt diskret. Strykarane er tilbake på ”Hold Your Hands Up High” med ekko av den hektiske akustiske gitaren frå den føregåande låten. Med bass, koring og el-gitar lagt inn for å understreke melodiføringa. ”A Day Gone By” avsluttar denne openbaringa av ei plate. Tilsynelatande vart og tandert. Bygd opp gradvis med kjenslevare harmoniar og tangentar. Og etter kvart strykarar. Som byggjar seg opp til eit crescendo. Ein finale. Som tonar nydeleg og vart ut.

Og nettopp avsluttinga er symptomatisk for heile plata. Vart og nydeleg. Men samstundes så intens.

Utan så mykje tvil, Robert Post sin mest spesielle og beste plate.

Utan så mykje tvil, Robert Post sin mest spesielle og beste plate.

Artikkeltags