Terningkast 6: ROBERT MOSES & THE HARMONY CRUSADERS

Artikkelen er over 3 år gammel

”Self Developing Country”

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Denne Moses ikkje ned frå fjellet med 10 bod rissa i stein. Han er busett i Oslo, men kjem frå Chicago med 10 låtar rissa i vinyl. Med ei stemme som tidvis høyrest ut som om det er like før eigaren bikkar over, det ligg ein snert av galskap i den. Litt sånn svovelpredikantaktig. På 10 heilt fabelaktige låtar.

Og korleis dette ber av stad skjønar eg allereie i opninga "Heartache O! Heartache". Produsent og musikar Freddy Holm rullar ut heile arsenalet sitt av dobro, lap steel, mandolin, banjo, cello, fele og gitar. Saman med rytmeseksjon, keyboards og trekkspel legg han eit flott fundament for Moses si særeigne stemme. Ei stemme som i og for seg hadde fungert flott heilt aleine. Men her blir den løfta over i ein anna dimensjon. Americana med til dels mørke undertonar. "Water Over Stone" opnar med banjoriffing. (Noko som minnar meg om at rundt tusenårsskiftet var det nokre musikkjournalister i tabloida, som meinte at gitarane var på veg ut av rocken. Dei hadde rett, banjoen har tatt over. Jadda. Like seriøst som den første påstanden.) Vel, nok om det. Vokalen her er hakket meir intens. Borderline krakilsk. Utan å støyte nokon. Igjen med multiinstrumentalist Holm i godt svingande slag. Tidvis med eit meir tydeleg trekkspel tilstades. Og då er det berre å trekke eit djupt pust og telle til ti, og la det heile roe seg ned med "Take A Look At My Heart, Today". Platas første ballade, ein flott duett med Malin Pettersen. Ein vokalist med Dolly Parton-kvalitet i stemma. Saman med instrumenteringa til Holm, spesielt strykarane, blir det heilt nydeleg. "I'll Cross the Line" har også Malin Pettersen godt til stades. Ein flott svingande countrylåt. (Pokker heller, det minnar meg om ei Dan Fogelberg-plate eg kjøpte på 80-talet. ”High Country Snows”, som var eit forsøk på å re-starte karrieren etter at populariteten hans fordufta. Eit flott bluegrass-album.) Utan at Moses er i nærleiken av å være så glatt, har eg litt av same kjensla grunna Holm sine til tider virtuose instrumentoppvisingar. Moses si gutturale stemme er hovudinstrument på "Have We Found the Way?". I utgangspunktet berre med ein naken gitar som følgje. Men det blir etter kvart bygd opp eit rikt lydbilete. Ein låt som etter kvart plasserar bilete av store opne vidder i hovudet ditt, prærie om du vil. Flott avslutting på side ein. "Holy Roller" opnar side to, like guttural stemme. Men meir reinspikka americana med banjo som hovudinstrument. Dei aukar tempoet på "Maywood Park" og ligg dei på ein beat i nabolaget til Beatles sin ”Get Back”. Heilt glimrande spør du meg. ”The Knife” fortset i det litt auka tempoet. Like skranglete og lausloppent som på forgjengaren. Med syra gitarsolo. Dei roar ned på "There's a Game We Play". Ingen trommer, men likevel eit særs fyldig lydbilete. Og igjen ein vokal i ein anna dimensjon. "When It's Done" er ein flott og talande tittel på ein avsluttingslåt. Nok ein gong i eit rolegare leie. Berre akustisk gitar med stemmene til Moses og Pettersen. Og etter kvart dandert med litt krydder frå Holm, i form av fele og litt strengearbeid.

Ei flott plate som fortenar all den merksemd den få. Den kom ut i fjor, men eg oppdaga den så seint at den hamna utanfor årsbestelista mi. Og der skulle den vore. Og kjekt å sjå at Tom Skjeklesæther har tatt opp managergjerninga si att. Desto større grunn til å lytte.

Artikkeltags