Den nye singelen frå Tina fortset i sporet til den flotte “No one knows that you're lost", frå 2015.

Men i motsetnad albumet som blei spelt inn i Canada, er denne gjort heime i Oslo.

Musikalsk gir ho meg framleis assosiasjonar til Suzanne Vega og Joni Mitchell. Og framleis med særs god kvalitet på låtskrivinga.

Singelen er blitt til over ein periode i eit studio under eit grendahus på Lilleaker i Oslo. Refsnes har, saman med Eirik Stordrange, Jonas Rohde-Moe (Kaja Gunnufsen, Disaster In The Universe) og Mads Johansen (Kaja Gunnufsen), funne fram til eit levande og leikent lydbilde.

 ‘Man Of This House’ handlar om å kjenne seg forvirra og rotlaus samtidig som ein prøver å overtyde seg sjølv at ein er sin eigen kaptein på livets havkryssing. Singelen blir sleppt  dag fredag 5. mai.