Terningkast 5: Det held - i bøttevis

Endre Olsen.

Endre Olsen. Foto:

Av

ENDRE OLSEN- «Bøttevis Av Blått»

DEL

PlatearbeidarenOlsen sitt første album på fem år, hans tredje totalt sidan debuten under namnet Angry Wasp i 2011 og hans første fulle album på norsk. Og til liks med "Endre Olsen & The Landmarks" er denne produsert av Olsen saman med Tommy Haltbakk i sistnemdes studio, Plattenslager Studio. Også med Haltbakk på ei rekke forskjellige instrument.

Denne gongen også på nytt plateselskap, Apollon Records.

Det opnar litt halvfriskt med «Bøttevis Av Blått», der det blå på eine sida er det våte som også på Stord kjem ovanfrå i uante mengder. Eller Olsen kanskje har blitt overmanna mykje blå kjensler? Musikalsk som sagt halvtempo, litt folkrockaktig.

«Alle Lyso På» er også frisk og fin i stilen. Mot det litt britiske. Med flotte underliggande melodilinjer. Der hovudpersonane verkar lett forvirra, der skylappane gjer at han ikkje ser det heilt opplagde. Sjølv om det er heilt lyst på alle måtar.

Endre Olsen.  Album,   Bøttevis med blått.

Endre Olsen. Album, Bøttevis med blått. Foto:

Då er det litt mørkare og meir utydeleg på «Halve Meg».  Låten der dei endeleg får flekka ut banjoen og steelgitaren. Ein låt som smyg seg, glir frametter. Igjen med flotte melodiføringar fletta inn. Til tider heilt nydeleg. Og med ein tekst som verkar å vere inspirert av ein litt dårleg draum. Mørke, mørke ting.

«Den Forkasta Versjonen» er heilt nedstrippa musikalsk og er ikkje nødvendigvis lysare på tekstsida. Om ein kar som ser litt for lyst på livet i høve til somme andre. Og kan vi ikkje ha noko av, sjølvsagt. Ragnhild Kambo Grov syng fint i duett med Olsen.

Dei utvidar den musikalske paletten på «Kunne Vert Ein Annan». Den er bluesrock i stilen, eit lite sidesteg som passar fint inn i americana-landskapet plata ligg i. Med ein tekst der hovudpersonen ikkje verkar å vere heilt nøgd med livet sitt.

«Stå Der Du Står» opnar side to på plata og tek musikken nok ein gong heilt nedpå. Som låt tar den tittelen bokstaveleg og bevegar seg lite. Og meg for den saks skuld. Teksten tyder også på ein viss resignasjon. Men det er kanskje berre ein måte å samle krefter på, for frå no av går det berre oppover.

Plata opnar seg opp att og er litt raskare, meir elektrisk, litt tyngre og meir til stades på « Der Da E Ein Vei».  Vegen er på nytt open, det er berre å køyre på. Utan at det blir for heftig etter den litt R.E.M.-liknande opninga. Den ruslar i veg og er også meir positiv i lyrikken.

«Ingenplass Og Her Te» er platas lengste låt og høgdepunkt, med sine nesten seks minutt blanding av småfunky gitarrock og gitar-eksessar nesten (berre nesten) verdig han derre canadiaren og bandet hans Crazy Horse. Med Jørgen Sandvik frå Real Ones i hovudrolla som gitarmaestro.

Deretter blir det roa ned på «Forlengst Forlatt», som minner om The Jayhawks i 95. Eller Wilco i 96. Sjølvsagt grunna den nydelege steel-gitaren, den lett slentrande takta, vokalen med flotte harmoniar. Attendeskuande utan å vere nostalgisk. Sjølv om teksten eigentleg verkar som det. Eit håp om å få fortida igjen.

«Alt Som Ikkje Va»,  avsluttar plata og held seg i Jayhawks-sjangeren. Men no i den seinare Louris-konfigurasjonen. Med meir pop, rock og psykedelia. Eit uttrykk så godt som noko, som leiar det albumet trygt og solid i hamn. Sjølv om dei har eit litt syrete sideskjær dei siste 45 sekunda. Heller ikkje på siste låten slepp vi unna lengt etter noko. Det er ikkje alltid eg skjønar tekstane her, men dei er likevel glitrande og elegant levert. Og når eg ikkje heilt skjønar folk pleier eg å spørje, har vi det litt ugreitt heime?

Men frå spøk til revolver, «Bøttevis Av Blått» har som du skjønar blitt eit særs sterkt album. Og beviser det han antyda på «Lenge si’ i går», Ep’en frå 2013. Endre Olsen er best på norsk.

Plata kjem ut den 18.mai.

Artikkeltags