Terningkast 5: REDD KROSS

Artikkelen er over 6 år gammel

"Researching The Blues"

DEL

Redd Kross seier du? Gå ut og skaff deg ”Third Eye” frå 1990. Eit av tidenes mest perfekte powerpopalbum.

At denne gjengen har helde på i 32 år er nesten ufatteleg. Ok, det er 15 år sidan ”Show World”. Men likevel. Og det høyrest faktisk ut som om tida har stått stille. Drepande effektive, fengande poplåtar. Pakka inn i eit drepande effektivt, skarpt lydbilete. Med sylskarpe harmoniar og superfengjande melodiar.

Dette er ikkje eit band som held på å avslutte karrieren. Dei turnerar, produserar andre band og, som her , leverer eigne vitale plater. (Bassist Steven McDonald er samstundes med Redd Kross med i California-bandet OFF!. Knut Schreiner gjengjelder her tenesta frå StevenMcDonald som produserte Turbonegro sin ”Party Animals”. Han deltek med gitar på ein låt her).

Og heilt ærleg, det kan ikkje bli enklare enn dette. To gitarar, bass og trommer. Vokal og fantastiske harmoniar. Og 10 låtar som kan spelast i det uendelege. Ei blanding av tyggegummipop, glamrock og heavy metal. Med store dosar The Beatles. Desse karane kan verkeleg handverket sitt som låtskrivarar.

”Researching The Blues” er ein sterk opnar med tung gitar. Overstyrde soloar. Nydeleg melodi. Ikkje så mykje blues. Desto meir glam og boogie på ”Stay Away From Downtown”. Med ein særs fengande poplåt vakande under den aggressive overflata. ”Uglier” er låten med Knut Schreiner på gitar. Som Turbonegro i eit poppete modus. Med fint gitarkrydder frå Schreiner heile vegen. Om ikkje bandet har dradd fram harmonievnene sine før, gjer dei det til gangs på ”Dracula's Daughter”. Det er nesten som å høyre koringane til Beach Boys. Og er berre ufatteleg nydeleg. Med marginalt lågare tempo. ”Meet Frankenstein” er litt raskare igjen. Men vi er framleis på sekstitalet. Her har dei tydeleg latt seg inspirere av Beatles, sånn cirka 1964. Litt småfunky glamrock byr dei på i ”One Of The Good Ones”. Utan at det skil seg ut frå lyden til Redd Kross. ”The Nu Temptations” er den låten som ligg nærast punken dei spelte i byrjinga av karrieren. Men det er langt fråpunk. Det er popmusikk med tunge gitarar. Dei liknar nesten på Slade på ”Choose To Play”. Men også her kanskje litt nærare punken. ”Winter Blues” handlar gjerne om snø. Men den høyrest ut som sommar. Avslutningslåten ”Hazel Eyes” er platas særaste spor. I den grad den kallast det. Men den skil seg ut her på den måten at den er meir utflytande. Den er ikkje like sylskarpt arrangert som resten av plata. Men det gjer ingenting. Den forandrar ikkje på det faktum at dette er ei særs sterk plate.

Artikkeltags