Terningkast 4: PUST

Artikkelen er over 8 år gammel

"Kry"

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Hausten er som vanleg tida for mange plateutgjevingar, og som regel dukkar det opp ein del rare ting som ikkje fortener mi interesse.

Etter å studert coveret på denne utgjevinga trudde eg at dette var ei av dei eg lett gjekk forbi, a cappella har ikkje tidlegare vore den musikksjangeren som har pirra mi interesse mest.

No skal ikkje eg påstå at eg forandra meining om sjangeren etter å ha høyrt "Kry", men det er noko fascinerande med denne plata. Det er så vellydande og dyktig utført.

Her på berget har Bjelleklang på mange måtar hatt monopol blant det store publikum innan denne sjangeren, i mine øyre har det dei har drive med vore totalt uinteressant.

Dette er noko heilt anna.

"Det bor en gammel baker" med tekst av Inger Hagerup blir plutseleg noko heilt anna enn den songen eg hugsar frå barndommen, versjonen med seks stemmer og ikkje no anna er rett og slett imponerande. Her er også tekstar av André Bjerke, Alf Prøysen og Arne Garborg, og av alle ting ein coverversjon av svenske Fläskkvartetten. Alt saman gjort på ein imponerande og solid måte, eg skjønar kvifor dei i år har heldt konsert med Bobby McFerrin ("Don't Worry, Be Happy"). Dette liknar meir enn du skulle tru.

Artikkeltags