Terningkast 5: PORTER & THE POLLIES

Artikkelen er over 5 år gammel

”Porter & The Pollies”

DEL

Medan vi ventar vi ventar på nye plater frå både Chris Porter (Some Dark Holler) og The Pollies, dei har begge nye plater på gong, slår dei seg saman og gir ut ein EP. (Støtt Porter si kommande plate her: Chris Porter @Indiegogo )

Dette det beste av to ulike verder. Chris Porter reiste heim til Alabama midt på vinteren 2013, for å spele inn ei plate saman med sitt favorittband frå sørstatane. The Pollies. Etter at dei alle saman hadde opplevd forskjellige grader av dramatikk i liva sine. Noko som blir spegla att i denne 6-spors EPen. Det er forvrengt, det er rått, det er uvørent. Det er fantastisk bra.

Det byrjar roleg med "Your Hometown", men stinget i gitarane er der med ein gong. Og den umiskjennelege lyden av Daniel Stoddard sin steel gitar og tangentane hans ligg tjukt over låten. Og skapar den lett gjenkjennelege Pollies-atmosfæren. "Fourth of July" ligg i same gata. Kanskje endå råare. Dei girar om på "Wood and Steel". Og ligg seg i ei bluesy fil. Dei minner meg om Dream Syndicate på ”The Medicine Show”. Litt desperat og skiten blues. "Rest These Bones" trillar i gong med meir steel gitar. Framleis med ein dose blues. Med gjesteopptreden frå Helen Gassenheimer (Some Dark Holler) på vokal og fele. Vakkert. Men samstundes rått. Dei slår til med litt gladcountrypunk på "When I Get Home". Eller alt.country om du vil. Og blæs det meste anna som kallar seg country no til dags av bana. "Blood on My Hands" avsluttar EPen. Roleg intens og atmosfærisk. Med overstyrte gitarar og ein steel gitar som igjen formeleg omsluttar deg. Og inneheld alt som gjorde Pollies si "Where The Lies Begin" til ei av dei beste platene frå i fjor.

Rett og slett eit utruleg bra kvileskjær frå to fantastiske artistar. Og om dette er eit kvileskjær og overskotsprosjekt frå desse, då gler i alle fall eg meg til dei komande ”skikkelege” utgjevingane frå dei.

Kjøp her:

Artikkeltags