Terningkast 5: POPGUN

Artikkelen er over 5 år gammel

”Violent Hippies”

DEL

Popgun er Egil Stemkens sitt hjarteborn. Og dette er den andre plata på kort tid i år han har ei hovudrolle i. Den førre var med Jazzbandit på deira ”2.0”. Der det gjekk i jazz. Stemkens har tidlegare vore involvert i mellom anna The Yum Yums, Amund Maarud og Tolv Volt. Sistnemnde saman med Stein Torleif Bjella. Men av desse ligg nok Popgun nærast The Yum Yums.

Årets plate er den tredje under Popgun-namnet, dei to første, "A Day And A Half In Half A Day" og "Manic Anti-Depressive", kom i høvesvis 2006 og 2008. Og den siste fekk god omtale i heile Europa, noko som førte til turnear i Italia og Spania i 2009 og 2010. Dei blei i tillegg spelt på amerikanske college-stasjonar. Men i Noreg? Lite.

I årets utgåve er det Aamund Maarud som står for gitarspelet. Og han viser at han har meir enn bluesrock på repertoaret. Ikkje det at bluesrock er negativt, alle mannens utgjevingar er vel verdt å sjekke opp. Men malar her med breiare pensel enn han har gjort tidlegare.

Dei startar med "Solitary Man". Og opnar med traktorbassen til Stemkens i front. Når Stemkens i tillegg legg stemma i leiet til ein av favorittane sine, høyrest dei ut som Nick Lowe med eit garasjerockband i ryggen. Lowe på 70-talet vel og merke, i dag er han litt meir avslappa. "Gutter Girl" ligg meir i den klassiske powerpop-gata. Med skit frå rennesteinane under naglane og ein teint av Small Faces. Dei er meir riffbasert og inspirert av 60-tals garasjerock på "You Got Me Hummin’". Med eit steintøft orgel her og der. "Shine A Light" er endå meir garasjerock. Med mykje riff og anglofil innfallsvinkel på vokalen. Dei viser ei ny side av seg sjølv på balladen "Sleep". Med mykje lyd; mellom anna piano og koringar. Utan at dei avvik så mykje frå formelen sin. "Sweet Baby" gjer slutt på all kosing. Eg nemnde The Sonics lenger oppe her, og dei ikkje mykje nærare enn dette. Egil Stemkens er ikkje nokon Gerry Roslie bak mikrofonen, men han gjer eit godt forsøk. Og Bendik Brænne dukkar opp med saksofonen sin og leikar Rob Lind. Rett og slett steintøft. Dei fortset i den tøffe gata på "Something For My Friends". Men meir poweropgarasjerock. Og litt meir avslappa i vokalen. På versa i kvart fall. "Tailwalking You" endrar retninga litt. Småfunky bubblegumpowerpop som Redd Kross av og til finn det for godt å lage. Dei finn like godt på å legge eit psykedelisk slør over powerpopgarasjerocken i "You Make My Heart Scream". Tidleg Pink Floyd helsar på Redd Kross og leflar litt med The Who. "Your Brain Is Hanging Upside Down" avsluttar plata. Og når ein kjem fordi den maniske kassegitaren i byrjinga, fortset dei som ei litt tung, småpsykedelisk gate. Den gjer ikkje akkurat plata mindre variert og dynamisk.

Ei flott og overraskande, men ikkje uventa plate, frå Popgun.

Kjøp her: Snaxville Recordings

Artikkeltags