Terningkast 5: Høgreist og sterkt

El Cuero

El Cuero Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

EL CUERO- "Souls Under Red Light"

DEL

PLATEARBEIDARENEtter "Victor's Justice" frå 2013 hadde eg stort sett gitt opp bandet. Den påfølgjande konsertplata frå same året forandra heller ikkje på det totalt sett. Sjølv om læt meir som seg sjølve der.

Så det er godt å høyre at dei nærast har restarta franchisen og lagt seg ein stad i landskapet til dei tre første platene. "El Cuero", "A Glimmer Of Hope" og "From Mountains To Sand". Og det gjer i alle fall meg ein smule henrykt. Sjølv trengte eg berre å høyre opningsakkordane på første låten for å skjøne at noko hadde skjedd. Kanskje nokon har snakka saman?

Vel, faktum er at Bjarte Lund Rolland, frå Kvelertak, har gitt bandet eit kjærkome løft på lydsida.

Opninga "I'm Always Scared" treff meg nesten like hardt i andletet som opninga på Dream Syndicate si "Ghost Stories" frå 1988. Nesten. Ingenting overgår Wynn og Cutler si opning på den plata, med låten "The Side I'll Never Show". Men denne er i nærleiken. Og etter kvart som låten skrid frametter skjønar ein at alt daukjøt og maskinrusk frå 2013-utgjevinga er fjerna. Stor, sonisk, breibeint rockemusikk. Med ein rivande, herleg gitarsolo.

"While Our Life Goes By" er litt langsamare. Melodiøs. Med støyparti undervegs. Lang, lang gitarsolo. Med andre fleire teikn på at arven etter Neil Young blir halden i hevd allereie no.

Dei aukar opp att tempoet litt igjen på "The King Of Yesterday". Igjen i eit litt halvruskete, amerikansk 80-tals paisley underground-lydbilete. Med litt symfoniske innslag i dei store koringane.

"For A Girl Like You" ligg tempoet ned. På platas rolegaste låt får dei i tillegg hjelp frå Monica Heldal. Ho korar også på fire andre låtar. Men det er her ho gjer mest av seg. Ein flott litt countryinspirert låt. Country av typen Ryan Adams byrja å spele etter at han slutta å spele country. Men ein litt høgare grad av gitarimprovisasjon.

Då er dei meir attende på rockesporet på "Up In Smoke". Melodiøst i mellomtempo.

"Looking Out For My Love" opnar side to på plata, vidar ut lydbiletet og tek oss med på platas lengste låt. Eit over åtte minutters seigt og roleg lydpanorama. Meir enn nokon gong får dei meg til å tenke på vår favorittcanadier. Mykje grunna dei lange gitarsoloane.

Dei legg seg meir i poprock-fila på "Too Late To Go Back". Men framleis fint plassert i den litt tyngre utgåva av vestkystrocken.

"I Can See The Water" er litt rolegare og ettertenksam. Men også den med god melodiføring. Med eit snev av sørstatsrock.

Når dei no avsluttar det heile med "Who Watches The Watchmen", blir det gira skikkeleg opp. Platas raskaste og mest frenetiske låt. Ganske så annleis, men framleis umiskjenneleg El Cuero. Ei flott og oppreist avslutting på ei sterk og høgreist plate.

Sjølv trengte eg berre å høyre opningsakkordane på første låten for å skjøne at noko hadde skjedd

Artikkeltags