Terningkast 5: PHOSPHORESCENT

Artikkelen er over 6 år gammel

"Muchacho"

DEL

Etter å ha blitt utbrend etter turnering, gjennomgått eit samlivsbrot, fått husleigekontrakta til studioet terminert og eigentleg ikkje heilt sikker på om det nokosinne ville bli laga ei ny Phosphorescent-plate, var det summen av alt dette som gav Matthew Houck inspirasjon til å lage "Muchacho".

Houck har bak seg fem album under namnet Phosphorescent. Alle i det ein kan kalle indiefolkcountryrock. Eller noko sånt.

Og med bakgrunn i det siste, skal det ikkje stikkast under ein stol at eg kvapp då eg høyrde opninga "Sun, Arise! (An Invocation, An "Introduction)”. Er det ELO? Kraftwerk? Er det Brian Eno? Han vurderte i staden for ei ny Phosphorescent-plate eit elektronisk instrumentalprosjekt under eit anna namn. Og det er nok dette han har tatt med seg her. Men så lenge lyden er så fin og harmoniane er så nydelege som her, spelar det inga rolle.

"Song for Zula" står fram nesten som ein ballade verdig Depeche Mode eller U2. Men igjen, Houck syng som ein gud. Og vel er det uvant, men gitarane tek ei meir framtredande rolle.

Gitarane opnar "Ride On / Right On". Og held seg på plass oppå trommemaskina, mykje orgel i staden for synthar.

"Terror in the Canyons (The Wounded Master)" forandrar plata totalt. Her er han attende på countrysporet. Dominert av eit piano. Men lydbiletet er framleis like storslått. Her tek han i tillegg i bruk blåsarar. Og syng igjen som ein gud.

Han leverer eit friskt lydbilete på "A Charm/ A Blade". Som etter ein drøymande start fyllest opp av piano og blåsarar. Og minnar meg om Beatles sin ”Lucy In The Sky With Diamonds”.

"Muchacho's Tune" kunne ha vore meksikanskinspirert. Men er det ikkje, "Muchacho" betyr kompis på meksikansk. Og botnar i det at Mexico var staden han var i ei veke før han starta innspelinga av plata. Og fullførde planlegginga av denne. Vel, no er det mariachi-blåsarar her. Men det sentrale elementet er igjen piano. Og steel-gitar. Rett og slett nydeleg.

Houck byrjar å likne meir og meir på seg sjølv etter som plata skrid fram, og "A New Anhedonia" er ikkje noko unnatak. Piano, blåsarar, strykarar og steel-gitar. Som sig majestetisk frametter med den nydelege vokalen på toppen.

"The Quotidian Beasts" kan kallast platas alibi når det gjeld fart og rytme. Utan at den eigentleg har så mykje av det. Men i høve til resten av plata skil den seg ut. Med mykje lyd. Heile tida med steel-gitaren vakande under. Det næraste plata kjem ein rockelåt.

Han slepp i så nåte det heile nedpå igjen med "Down To Go". Nok ein smygar ev ein nydeleg ballade. Piano, strykarar, blåsarar og steel-gitar an masse. Som fløymer over deg utan å drukne deg. Det heile toppa av ein nydeleg trompet.

"Sun's Arising (A Koan, An Exit)" avsluttar plata og gjentek eigentleg opningslåten. Både i namn og utføring. Men her har han gått i full sirkel og leverar låten utan elektroniske instrument. Berre analoge hjelpemiddel, mykje gitar, litt trommar og eit teppe av stemmer. Ei høgstemt avslutting.

Årets utgjeving er så suveren som ein kunne forvente frå Matthew Houck og Phosphorescent. Til tider fantastisk vakker. Så får eg berre håpe at han fortset under dette namnet og utset elektronikaprosjektet. Verda treng fleire Phosphorescent-plater.

Artikkeltags