Terningkast 5: PETTER CARLSEN

Artikkelen er over 8 år gammel

”Clocks Don’t Count”

DEL

Plate nummer to frå finnmarkingen held fram i same fine sporet som debutplata. ”You Go Bird” kom i 2009 og gjorde eit visst inntrykk på salslistene.

Og til liks med debuten snakkar vi om atmosfærisk og melodiøs popmusikk.

No er dette ein artist som er lett legge i skuggen av Jeff Buckley. Men ein skjønar fort at dette berre er ein del av bildet her. Han klarer godt å sta på eigne bein.

Men ”Table For One”, som opnar her kan nok bringe tankane hen til Buckley. Ein roleg atmosfærisk song. ”Spirits In Need” skrur opp tempoet og avslørar dynamikken denne plata har. Veldig britisk og ikkje ulikt Tom McRae. Ei stemning som held seg på ”One Of These Days”. Med eit litt meir stakkato tempo. ”Even Dead Things Feel Your Love” roar tempoet litt ned att. Med ein nydeleg blå trompet sentralt i lydbiletet. Litt tyngre er det ”Built To Last”. Men framleis stemningsfullt med Carlsen si nydelege stemme og matchande koring. ”The World Can Wait” forandrar igjen dynamikken med eit roleg malande tempo. Og nydeleg, nydeleg. Trykket stig på ”A Simple Reminder” og viser at plata eigentleg er særs variert og dynamisk. Sjølv om den heilt tydeleg har ein formel i botnen som held det heile saman. Både på låt- og stemningssida. ”Cornerstone” skiftar fokus ved å ta vekk vokalen. Instrumentalen på under tre minutt passar fint inn resten med saman her. Og gir meg assosiasjonar om rulleteksten på ein film. Carlsen si stemme er ikkje lenge vekke og er attende på ”Home”. Med eit nydeleg stemningsfullt piano som hovudinstrument. Og når vi no nærmar oss slutten på plata, kjenner eg at eg ikkje vil at den skal slutte. Kvaliteten på låtane her veks sånn at eg berre vil ha meir. Fleire låtar av same kvalitet. ”Waiting In The Wings” skuffar sjølvsagt ikkje i så måte. Avsluttinga på plata er også den varaste og rolegaste. Vokal med stort sett berre ein elektrisk gitar som tonefølgje. Og igjen kan ein trekke samanlikningar til Jeff Buckley. Sjølv om Carlsen med denne plata visar at han står langt utanfor skuggen til den avlidne amerikanaren.

Ei særs sterk plate med høg kvalitet på låtskrivarhandverket.

Artikkeltags