Terningkast 5: PETE BERRY & THE SHAKE SET

Artikkelen er over 8 år gammel

”Berry-Go-Round”

DEL

Er det dette som er lyden av 2011? Ganske autentisk beat-musikk der Beatles cirka 1963 er det enklaste referansepunktet. Så gjennomført og karikert at det lett kunne ha vippa over i parodien. Men det gjer det ikkje.

Denne norske gruppa med to plater bak seg gjer ikkje noko anna enn å få meg i godt humør (gudane skal vite at ein treng det av og til).

Med 10 eigenskrive låtar og fire coverversjonar leverer dei ei plate som godt har tolt tidas tann. Sjølv om den er heilt ny. For der mange no etter kvart har gått attende til dei lugubre delane av 80-talet, har denne gjengen gått enno lengre. Og det på ein særs vellukka måte.

Einaste låten her som faktisk ikkje treff meg her, er ein versjon av Hank Williams sin ”Jambalaya”. Den passar ikkje inn i heilskapen her.

Men elles er dette godt gjennomført handverk heile vegen i gjennom. Både på instrumentalane (”A Twosome Triumph”, ”Talos”, ”March Of The Eagle” og ”Jenka Train”) og låtane med vokal fungerer dette 100 prosent.

Det er gjort på ein respektfull og solid måte, som gjer at dette like godt er lyden av notida som noko anna av det som kjem ut no med røter i fortida.

For der finnest eigentleg ikkje noko som kallast 100 prosent originalt lengre. Alt er eigentleg gjort før.

Men når resirkulasjonen er som her, kan det ikkje bli stort betre.

Artikkeltags